Kåltistel (Cirsium olecraceum) er ein fleirårig plante i korgplantafamilien.

Han er ein storvaksen art og er kjenneteikna av at blomane er omringa av store, bleike, gulgrøne blad rundt blomsterhovuda. Stilken er utan torner og er vanlegvis ugreina. Han kan bli opptil ein og ein halv meter høg. Blada er mjuke, med breie flikar og bladkantane er heile eller sagtanna, med mjuke tornar.

Kåltistel blømer frå juli til september med vanlegvis lysegule blomster. I sjeldne tilfelle kan blomane òg vera mørkeraud-lilla. Planten er lett å kjenna att. Han kan òg danna hybridar med fleire av dei andre tistelartane.

Kåltistel trivst på fuktig mark i enger, ved bekker og i fuktig skog. Han kan òg av og til dukka opp på kulturmark som i åkerkantar, skrotmark og vegkantar.

Det latinske namnet C. olecraceum stammar frå det latinske ordet olus, som tyder grønsak. Arten er etande, og har vorte brukt til mat i land som Russland, India og Japan.

I Noreg finn ein hovudsakleg arten på Austlandet og meir sjeldan langs kysten nord til Troms. Han er i tilbakegang i Noreg, og fleire forekomster registrert tidleg på 1980-talet ser ut til å vera borte. Kåltistel blir no vurdert som sårbar på den norske Raudlista.

venstre|mini|Plansje av kåltistel

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Kåltistel» frå , den 3. august 2026.

Bakgrunnsstoff

Kategori:Plantar i Noreg Kategori:Korgplantefamilien