mini|400px|Kart som viser regionar (kraje) i Slovakia mini|400px|Kart som viser distrikta (okresy) i Slovakia Den administrative inndelinga av Slovakia er stadfesta i eit register for territoriale einingar, Register priestorových jednotiek (RPJ).
Landet er delt inn i 8 regionar (slovakisk kraj, fleirtal kraje). Landet er òg delt inn i 8 sjølvstyrande regionar (samosprávne kraje) som territorielt fell saman med dei administrative regionane. Skilnaden er at dei sjølvstyrande regionane er baserte på lokalstyre og valde representantar, medan dei administrative regionane er styrde av staten, om lag som skiljet i Noreg mellom fylkeskommune og fylke.
Regionane er delte inn i 79 distrikt (slovakisk okres, fleirtal okresy).
Distrikta er igjen delte inn i kommunar (slovakisk obec, fleirtal obcí). Det er (i 2026) 2890 kommunar i Slovakia. Ein kommune kan få status som bykommune på visse vilkår. Det er (i 2026) 141 slike bykommunar i landet.
Byane Bratislava og Košice er eigne kommunar, men er adminstrativt delte inn fleire distrikt og bydelar. Bratislava har fem distrikt med 17 bydelar og Košice har fire distrikt med 22 bydelar.
Referansar
Bakgrunnsstoff