Saueskjel (Cerastoderma edule) er ein art i hjarteskjelfamilien. Skjelet kan vera opptil 5 cm i diameter og har kvite eller gulaktige skal med flate radiære ribbar. Saueskjelet kan forvekslast med Cerastoderma glaucum, men ribbene er ikkje tilspissa i ein kjøl slik som hjå denne brakkvassarten, og er særkjønna.
Skjelet lever nedgrave rett under overflata i sandbotn i tidvassona og ned til djupner på nokre få meter.
Døde eksemplar er som regel lett å finna på sandstrender. Saueskjelet tolererer saltinnhald ned til 10‰.
Saueskjel blir ete i ei rekkje land. Tilreiing av skjela liknar framgangsmåten for blåskjel. Skala blir kommersielt nytta til hønsefôr.
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Vanlig hjerteskjell» frå , den 8. august 2026.
Bakgrunnsstoff
Kategori:Muslingar