Robert Kinnes & Sons Ltd var ei skotsk verksemd frå Dundee som var knytt til skipsmekling og forvalting av kvalfangstfartøy. Verksemda blei skipa i 1883 av Robert Kinnes som ei handelsverkemd for Tay Whale Fishing Co. Ltd., ei verksemd han var dagleg leiar for. Både sonen og sonesonen til Robert Kinnes deltok i drifta, og verksemda blei etterkvart omdøypt til Kinnes Shipping.
I 1999 blei Kinnes Shipping Ltd kjøpt av Barrie and Nairn Ltd. Etter fusjonen valde dei å halda på namnet Kinnes Shipping.
Kjelder
Kategori:Skotske føretak Kategori:Skipingar i 1883 Kategori:Dundee