Wish You Were Here er det niande studioalbumet til det engelske rockebandet Pink Floyd. Det vart gjeve ut 12. september 1975 på Harvest Records og Columbia Records, den første utgjevinga deira på sistnemnde. Wish You Were Here var basert på materiale Pink Floyd komponerte medan dei var på turné i Europa og vart spelt inn spreidd utover 1975 i Abbey Road Studios i London.
Albumet dekkjer ei rekkje tema, som kritikk mot musikkindustrien, framandgjering og ei hyllest til den opphavlege medlemmen Syd Barrett, som slutta sju år tidlegare på grunn av dårleg mental helse. Som på det førre albumet deira, The Dark Side of the Moon (1973), brukte Floyd mykje studioeffektar og syntheziser og henta inn gjestesongarar, inkludert Roy Harper, som song solovokal på «Have a Cigar», og Venetta Fields, som song korvokal på «Shine On You Crazy Diamond». For å marknadsføre albumet gav bandet ut den doble A-sida «Have a Cigar»/«Welcome to the Machine».
Wish You Were Here fekk blanda kritikk då det kom ut, der somme meinte musikken var uinspirerande og ikkje like bra som det dei tidlegare hadde gjort. Seinare har albumet nesten utelukkande fått strålande kritikk og blitt rekna som eit av dei beste albuma gjennom tidene. Klaverspelaren Richard Wright og gitaristen David Gilmour har begge omtalt dette som favorittalbumet sitt av Pink Floyd. Albumet gjekk til topps på albumlistene i både USA og Storbritannia, og moderselskapet til Harvest, EMI, klarte ikkje å trykkje nok plater til å dekkje etterspurnaden. Sidan den gongen er et estimert at albumet har seld 13 millionar eksemplar.
Bakgrunn I 1974 skisserte Pink Floyd tre nye komposisjonar, «Raving and Drooling», «You Gotta Be Crazy» og «Shine On You Crazy Diamond». Dei to førstnemnde vart seinare omdøypte «Sheep» og «Dogs», og kom ut på Animals. Desse songane vart framførte på ei rekkje konsertar i Frankrike og England, den første turneen deira sidan The Dark Side of the Moon i 1973. Sidan Pink Floyd aldri hadde tilsett ein publisist og halde seg på avstand frå pressa, byrja forholdet deira til media å surne. Mason sa at ei kritisk melding i NME til det nye materialet til bandet, skriven av Syd Barrett-tilhengjaren Nick Kent, kan ha påverka bandet i å halde saman då dei drog attende i studio den første veka av 1975.
Konsept Wish You Were Here er det andre albumet til Floyd med eit konsept skrive heilt av Roger Waters. Det reflekterer kjenslene hans over at kameratskapen som hadde tent bandet før no var nesten heilt borte. Albumet byrjar med ein lang, innleiande instrumental og glir inn i versa til «Shine On You Crazy Diamond», ei hyllest til Syd Barrett, som måtte forlate bandet sju år tidlegare då han braut mentalt saman. Barrett vert på kjærleg vis minna med linjer som «Remember when you were young, you shone like the sun» og «You reached for the secret too soon, you cried for the moon».
Wish You Were Here er òg kritisk til musikkindustrien. «Shine On» glir saumlaust inn i «Welcome to the Machine», ein song som byrjar med ei dør som opnast (skildra av Waters som eit symbol på den musikalske oppdaginga og utviklinga som var forråda av musikkindustrien, som var meir interessert i grådigskap og suksess) og endar med ein fest, som illustrerer «mangelen på kontakt og verkeleg kjensler mellom folk». På liknande vis foraktar «Have a Cigar» «pampane» med ein tekst som repeterer ein straum av klisjear som talentfulle nykomarar høyrer i industrien og inkluderer spørsmål som «og forresten, kven av dykk er det som er Pink?» som bandet ved minst eitt høve fekk spørsmål om. Teksten til den neste songen «Wish You Were Here», fortel både om tilstanden til Barrett og motsetnaden til karakteren til Waters, der grådigskap og ambisjonar kjempar mot medkjensle og idealisme. Albumet avsluttar med ein reprise av «Shine On» og fleire lange instrumentalar.
«Eg hadde noko kritikk mot Dark Side of the Moon…» sa David Gilmour. «Ein eller to av reiskapane som bar ideane fram var ikkje like sterke som ideane dei frakta. Eg meinte me burde prøve hardare å knyte saman ideen og reiskapen som bringa fram ideen, slik at begge hadde like stor magi… Det var noko eg personleg prøvde å presse fram då me laga Wish You Were Here.»Fielder, Hugh: «Sinking the pink»; Classic Rock #48, Christmas 2002, p59
Innspeling mini|Abbey Road Studios
Alan Parsons, som var tilsett som lydteknikar hos EMI for det førre studioalbumet deira, The Dark Side of the Moon, hadde avslått tilbodet om å arbeide med bandet igjen. Gruppa hadde arbeidd med lydteknikaren Brian Humphries på More, innspelt i Pye Studios, og igjen i 1974 då han erstatta ein uerfaren konsertlydteknikar. Humphries var derfor eit naturleg val for dei nye innspelingane, sjølv om han ikkje var kjend med oppsettet i Abbey Road og hadde nokre vanskar i starten. Ved eit høve var Humphries uforsiktig og øydela eit akkompagnement for «Shine On» med ekko, eit stykke som Waters og trommeslagaren Nick Mason hadde brukt timar på å gjere perfekt. Heile stykket måtte spelast inn på nytt.
Innspelinga for Wish You Were Here i Abbey Road Studio 3 varte frå januar til juli 1975, fire dagar i veka frå 14:30 til seint på kveld eller natt. Gruppa hadde i starten vanskar med å skrive nytt materiale, særleg sidan suksessen med The Dark Side of the Moon hadde tappa alle fire tomme for krefter både fysisk og psykisk. Richard Wright skildra seinare desse innspelingane som «ei vanskeleg tid», og Waters hugsa dei som «ei pine». Mason meinte prosessen med fleirsporsinnspeling var langtekkeleg og keisam, medan Gilmour var meir interessert i å utbetre materialet bandet alt hadde. Gilmour vart òg stadig meir frustrert med Mason, som gjekk gjennom eit ekteskapsbrot og var både apatisk og generelt utilpass, noko som påverka tromminga hans.
Humphries snakka om desse slitsame dagane i eit intervju i 2014: «Det var dagar då me ikkje gjorde noko som helst. Eg trur ikkje dei visste kva dei ville gjere. Me hadde dart og luftgevær og me spelte desse ordspela, sat der, vart fulle, gjekk heim og kom attende dagen etter. Slik heldt me på ei stund til alt brått fall på plass.»
Etter fleire veker byrja Waters å visualisere eit konsept. De tre nye komposisjonane frå turneen i 1974 var i det minste eit utgangspunkt for eit nytt album, og «Shine On You Crazy Diamond» verka som eit høvande val som midtpunkt for det nye prosjektet. Det var hovudsakleg ein instrumental på over tjue minuttar, liknande «Echoes». Dei fire gitarnotane i opninga minna Waters om anda etter den tidlegare bandmedlemmen Syd Barrett, som stadig hang over dei. Gilmour hadde komponert riffet heilt tilfeldig, men vart oppmuntra av den positive responsen til Waters. Waters ønskte å dele opp «Shine On You Crazy Diamond», og setje inn to nye songar mellom dei to halvdelane. Gilmour var ikkje samd, men vart nedstemt av dei tre andre. «Welcome to the Machine» og «Have a Cigar» var eit dårleg skjult åtak på musikkindustrien, og tekstane fungerte fint attmed «Shine On» til å skape ein høveleg oppsummering av soga om Barrett. Waters sa dette var «fordi eg ønskte å kome så nærme som mogeleg til det eg følte ... den slags udefinerbare, uunngåelege melankolien kring forsvinninga til Syd.» «Raving and Drooling» og «You Gotta Be Crazy» fekk ikkje plass i det nye konseptet, og vart sett til side for det neste albumet, Animals i 1977.
Vitjinga til Syd Barrett Den 5. juni 1975, dagen før den andre amerikanske turneen til Pink Floyd, gifta Gilmour seg med den første kona si, Ginger. Den dagen skulle bandet gjere ferdig miksen av «Shine On You Crazy Diamond» (Nick Mason har vore tvilsam til at dette stemmer) då ein overvektig mann med barbert hovud og barberte augnebryn og ein plastpose kom inn i studioet. Waters kjende han ikkje. Gilmour tenkte det var ein som arbeidde i EMI. Wright tenkte det var ein ven av Waters, men forstod så at det var Barrett. Mason såg heller ikkje kven det var og vart «skrekkslått» då Gilmour identifiserte han. I memoarane til Mason om Pink Floyd, Inside Out, minnast han samtalen med Barrett som «tilfeldig og ikkje heilt fornuftig». Storm Thorgerson snakka om vitjinga til Barrett: «To eller tre personar gret. Han sat der ei stund og prata, men i røynda var han ikkje der.»
Waters var ein av dei som fekk tårer i augo då han såg den tidlegare bandkollegaen. Andrew King, som òg var på vitjing, spurte Barrett om korleis han hadde lagt på seg så mykje og Barrett svarte at han hadde eit stort kjøleskap og hadde ete mange svinekotelettar. Han sa han var klar til å hjelpe dei med innspelinga, men då han lytta til miksen av «Shine On», synte han ingen teikn på å forstå at songen omhandla han sjølv. Barrett vart med på bryllaupsmiddagen til Gilmour i kantina til EMI, men drog utan å seie farvel. Det var siste gongen bandet såg Barrett før han døydde i 2006. Barrett kan ha påverka den endelege versjonen av «Shine On You Crazy Diamond»; og heilt mot slutten av albumet kan ein svakt høyre Wright spele refrenget frå «See Emily Play».
«Eg er særs trist når det gjeld Syd. Sjølvsagt var han viktig og bandet hadde aldri blitt starta opp om det ikkje var for han og alle songane han skreiv. Det kunne ikkje skjedd utan han, men kunne heller ikkje ha halde fram med han. «Shine On» handlar ikkje eigentleg om Sydhan var berre eit symbol på alle dei ekstreme fråvera nokre menneske må gje seg hen til fordi det er den einaste måten dei kan takle kor jævla trist det moderne livet er, å trekkje seg fullstendig attende. Eg syns det var forferdeleg trist.» Roger Waters}}
Instrumentation
Som med The Dark Side of the Moon nytta bandet synthesizerar som EMS VCS 3 (på «Welcome to the Machine»), men mjuka det opp med den akustiske gitaren til Gilmour og perkusjonen til Mason. Byrjinga av «Shine On» inneheld restar frå eit tidlegare studioprosjekt kjend som «Household Objects». Der vart vinglas fylte med forskjellig mengder væske og dei brukte ein våt finger langs kanten av glaset for å skape lyd. Desse innspelingane vart lagt spor på spor for å skape akkordar, og brukt i opninga på «Shine On».
Jazzfiolinisten Stéphane Grappelli og den klassiske fiolinisten Yehudi Menuhin spelte i eit anna studio i bygningen og vart inviterte inn for å spele eit stykke for det nye albumet. Menuhin såg på medan Grappelli spelte på songen «Wish You Were Here»; men bandet meinte seinare at bidraget hans ikkje passa inn og fram til 2011 trudde ein at dette var blitt sletta. Det viste seg at spelinga hans er med på sporet, men så lågt i miksen at bandet meinte det var fornærmande å føre han opp som musikar. Han fekk betalt 300 pund for bidraget sitt. Dick Parry spelte igjen saksofon, på «Shine On You Crazy Diamond». Opninga av «Wish You Were Here» vart spelte inn frå bilradioen til Gilmour, der nokon skrur på innstillinga (den klassiske musikken ein kan høyre er Tsjakovskij sin Fjerde symfoni).
Vokal Det var to pausar i innspelinga då bandet var på amerikanske turnear (ein i april og ein i juni 1975), og den siste innspelinga var etter at bandet hadde spelt på Knebworth. Denne vart særleg vanskeleg for Waters. Han sleit med å spele inn vokalen for «Have a Cigar», og måtte ha mange opptak på å få til ein akseptabel versjon. Problema hans kom dels frå belastninga han hadde utsett røysta si for under solovokalen på «Shine On You Crazy Diamond». Gilmour vart beden å syngje i staden for, men ville ikkje, og til slutt spurte dei kollegaen og venen Roy Harper om å steppe inn. Harper spelte inn sitt eige album i eit anna studio i Abbey Road og Gilmour hadde alt spelt inn noko gitar for han. Waters angra seinare på avgjersla og meinte han burde ha sunge songen sjølv. The Blackberries song korvokal for «Shine On You Crazy Diamond».
Turné