Ein kommune er ei administrativ inndeling av Tsjekkia. Landet har (i 2026) 6258 kommunar.
Kommunar med utvida fullmakter Etter at dei tidlegare 76 administrative distrikta (tsjekkisk okres, fleirtal okresy) vart avvikla som administrative einingar i 2003, vart det administrative ansvaret distrikta hadde hatt, ført over til administrative område til kommunar med utvida fullmakter (SO ORP). Dei 205 kommunane med utvida fullmakter er kommunar i seg sjølv, men dei administrerer òg eit område med mange fleire kommunar.
Byar Kommunar som oppfyller visse kriterium, kan få status som lovbestemt by (tsjekkisk statutární město), by (tsjekkisk město) eller marknadsby (tsjekkisk městys). Det er (i 2026) 610 byar i Tsjekkia.
Referansar
Bakgrunnsstoff
Kategori:Administrative inndelingar i Tsjekkia