Helleristingane i Kvennavika ved Skarnsundet i Inderøy i Trøndelag, består av tretten fiskefigurar, som alle truleg førestiller kveite eller andre fiskeslag i flyndrefamilien. Det er den største samlinga av helleristingar med fiskemotiv i Norden.M.O. Haugen Bergkunsten i Kvennavika; visitinnherred.com Det særmerkte ved Kvennavikafeltet er at figurane er plasserte medvite i forhold til kvarandre, slik at dei framstår som eit samla og einskapleg mønster.Heidrun Stebergløkken (2018). «Flyndrene i Kvennavika – er de et vitne om én hendelse?», Årbok for Mosvik 2018, s. 4-12. miniatyr|Bergkunsten fotografert under nattlysing miniatyr|Kalkering ved Gutorm Gjessing, 1934/1936. Legg merke til metermålet nede til høgre i biletet. Ei mogleg tolking av figurane på feltet er at det «har stått en sjaman på toppen av berget med en folkemengde foran seg, med flyndrene 'svømmende' opp mot seg på berget».

Ristingane ligg 35 moh. og er veideristingar frå steinalderen, laga for 5000 år sidan.Stebergløkken 2016 Då figurane vart hogne i berget, låg den kuppelforma bergflata i strandsona (dagens høgd kjem av landheving etter istida), på sørsida av ei vik som gjekk mot vest i sundet.

Heilskapleg komposisjon Bergflata med dei tretten figurane hallar mot austsøraust. Fiskane er hogne på rekkje, med noko som framstår som ein komposisjon, og er etter alt å døme hogne samstundes, med mogleg unntak av éin figur (nr. 3 på kalkeringa). Alle fiskane unnateke to er hogne på ei rekkje med sporden ned. Lengst mot vest er det ein fisk med sporden opp. Litt aust for denne og litt nedanfor rekkja er det ein fisk med eit nettmønster på kroppen. Figurane er plasserte i ein halvsirkel, slik at linjene som blir danna av ryggfinnene, samlar seg i eit punkt ovanfor bergskallen.Sognnes 2007 Det har vore spekulert i om denne komposisjonen, og samlingspunktet, har hatt ein rituell funksjon.

Bergkunstforskarane Gutorm Gjessing (1936) og Gustaf Hallström (1938) antyda begge at komposisjonen verkar gjennomtenkt og heilskapleg, og derfor truleg byggjer på ein samla plan og ein funksjon. Funksjonen har truleg vore fangstmagi, ritual for å skape eller stadfeste fiskelykke. Bergkunstforskaren Heidrun Stebergløkken skriv at «figurene er plassert bevisst i forhold til hverandre, og vi kan gjenkjenne et mønster som figurene opptrer i.» I tillegg til dei tretten fiskefigurane er det påvist tre andre bergkunstelement på feltet. Desse (nr. 4, 5 og 7 på kalkeringa) blir skildra som «ubestemte figurer».

Kalle Sognnes føreslår at den største av fiskefigurane, den med nettmønster på ryggen, alternativt kan oppfattast som ei sjamantromme.

Ristingsgruppa inngår i ein struktur av veideristingar med ulike dyreartar (elg, fisk og rein) rundt Beitstadfjorden, som er den indre delen av Trondheimsfjorden: Bardalfeltet, Bølareinen, Hammerfeltet, Skjevikfeltet, Homnesfeltet, og litt lenger sør helleristingane ved Holtås. Ho er eitt av berre sju kjende bergkunstfelt i Trøndelag der det berre finst marine motiv.

Oppdaga i 1930 Tolv av ristingane vart oppdaga av gardbrukaren og grunneigaren Arne Tangstad i 1930,. og vart i 1931 undersøkte og dokumenterte av arkeologen Theodor Petersen frå Vitskapsmuseet.Th. Petersen. «En nyoppdaget helleristning av den arktiske gruppe på Kverneviken i Verran, Nord-Trøndelag». I: DKNVS forhandlinger; bd IV, nr 48. Trondheim, 1932. Gutorm Gjessing gjennomførte ei ny dokumentasjon i 1934.Gjessing 1936 Ei tredje oppmåling vart gjord hausten 2017.Heidrun Stebergløkken (2018). Tilstandsvurdering …. Ved denne oppmålinga vart det dokumentert ytterlegare ein fiskefigur, slik at talet på kjende figurar på feltet no er auka til tretten.

I nærleiken av bergkunstfeltet er det også funne tre lause kulturminne frå steinalderen: ein bikonisk steinhakkeT14354; NTNU Vitenskapsmuseet - samlinger på nett og to garnsøkke.T19887-a; NTNU Vitenskapsmuseet - samlinger på nettT19887-b; NTNU Vitenskapsmuseet - samlinger på nett Gjenstandane blir sette i samanheng med bergkunsten.

Området i dag Kvennavika inngår i Trøndelag fylkeskommune sitt formidlingsprosjekt Bergkunstreisen.Helle Vangen Stuedal. «Bergkunstreisen i Trøndelag»; Spor; 2020, nr 2 Tilkomsten er skilta og utstyrt med informasjonstavler. Sidan 2005 har Vitskapsmuseet og fylkeskommunen behandla feltet som ein del av Riksantikvaren sitt bevaringsprogram for bergkunst. Ein sprøyter ristingsfeltet med etanol for å hindre plantar, mose og algar i å bryte ned berget. Om vinteren blir bergflata dekt med byggfolie og PVC-duk med innsveisa isolasjonsmatte.Usikker framtid for bergkunsten i Norge; forskning.no, 11.5.2019Bevaringsprogramma – Bergkunst; riksantikvaren.no

Helleristingane i Kvennavika var tusenårsstad i den dåverande Mosvik kommune.«Kveitene i Kvennavika». Trønder-Avisa; 8. august 2001mosvik.kommune.no Tusenårsstedet - helleristningene i Kvennavika Den mest unike av fiskefigurane, med nettmønsteret, blir brukt i logoen til Mosvik museum og historielag.Mosvik museum og historielags hjemmesider

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Helleristingsområdet i Kvennavika» frå , den 2. september 2026.

Litteratur

(1938). Monumental Art of Northern Europe from the Stone Age 1: The Norwegian Localities. Stockholm: Thule forlag. (1996). «Dyresymbolikk i midt-norsk yngre steinalder». Viking; nr 59 (1996) Kalle Sognnes (2007). «En flyndre svømmer stille : omkring helleristningene i Kvennavika, Nord-Trøndelag » I: Samfunn, symboler og identitet : festskrift til Gro Mandt på 70-årsdagen. Bergen, 2007. ISBN 82-90273-81-9 Heidrun Stebergløkken (2008). Et stille møte mellom sjø og land: en stilistisk analyse av de marine veideristningenes motiver, sammenheng og tolkninger. Mastergradsavhandling, NTNU, Trondheim Heidrun Stebergløkken (2016). Bergkunstens Gestalter, typer og stiler. En metodisk og empirisk tilnærming til veidekunstens konstruksjonsmåter i et midtnorsk perspektiv. Doktoravhandling ved NTNU. (pdf) Heidrun Stebergløkken (2018). «Å lese bergkunst – Spor etter et glemt verdensbilde», Spor nr 1, 2018, s. 28-31. Heidrun Stebergløkken (2018). Tilstandsvurdering og dokumentasjon av Kvennavika/Selset, Inderøy, Nord-Trøndelag. Utgitt av Bevaringsprogrammet for bergkunst (BERG); NTNU Vitenskapsmuseet. (arkeologisk rapport 2018:8) Heidrun Stebergløkken (2018). «Flyndrene i Kvennavika – er de et vitne om én hendelse?», Årbok for Mosvik 2018, s. 4-12.

Bakgrunnsstoff

Kvennavika Kategori:Kulturminne i Inderøy Kategori:Tusenårsstader Kategori:Fiskar i kulturen