1967 Singles Sampler eller 1967: The First Three Singles er ei samleplate av Pink Floyd gjeve ut i 1997 for å feire 30-årsjubileumet til bandet. Den inneheld dei tre første singlane og b-sidene som vart gjeve ut i 1967 og som stort sett er skrive av deira dåverande frontfigur Syd Barrett. «Arnold Layne» nådde 20. plass på dei britiske singellistene, medan «See Emily Play» kom heilt opp på 6. plass, som var deira høgaste plassering på ei singelliste før «Another Brick in the Wall (Part 2)» i 1979. «Apples and Oranges» gjorde llite av seg på salslistene, og Roger Waters skulda på dårleg produksjon. «Paintbox» hadde i lag med «Arnold Layne» og «See Emily Play» tidlegare vore gjeve ut på samleplata Relics. «Scarecrow» var opphavleg frå bandet sitt debutalbum The Piper at the Gates of Dawn. Plateomslaget til samlinga bestod av omslaga til dei singlane som var på plata.
Innhald
Medverkande Pink Floyd Syd Barrett – gitar, solovokal (utanom «Paint Box»), opphavleg omslag Nick Mason – trommer, perkusjon Roger Waters – bassgitar, korvokal Richard Wright – klaverinstrument, korvokal, solovokal på «Paint Box»
Andre medverkande Joe Boyd – produsent (spor 1, 2) Norman Smith – produsent (spor 3−6)
Bakgrunnsstoff Arnold Layne promovideo See Emily Play promovideo Scarecrow promovideo
Kategori:Album produserte av Joe Boyd Kategori:Album produserte av Norman Smith Kategori:Samlealbum av Pink Floyd Kategori:EP-ar frå 1997 Kategori:Samlealbum frå 1997 Kategori:EMI Records-album Kategori:Columbia Records-album Kategori:Album spelte inn i Abbey Road Studios