Goodbye Cruel World er ein song av det britiske bandet Pink Floyd, skriven av Roger Waters. Songen vart gjeven ut på albumet The Wall i 1979.

Komposisjon Songen er roleg og forholdsvis rytmisk med ein mjuk repeterande bassnote, som liknar bassriff som er brukt i tidlege Pink Floyd-songar som «Careful with That Axe, Eugene» og «See Emily Play». Det siste augneblikket av ordet «goodbye» vert sagt samtidig som musikken vert kutta. Det får det til å høyrast meir desperat ut, i tillegg til å fungere som eit symbol på at Pink kuttar ut alle band til verda omkring seg.

Plott Som dei andre songane på The Wall fortel «Goodbye Cruel World» ein del av historia om hovudpersonen Pink. Songen omhandlar Pink sin reaksjon på at hans mentale mur no er ferdigbygd, og markerer at han no er heilt isolert frå samfunnet.

Medverkande Roger Waters – bassgitar, vokal Richard Wright – Prophet-5 synthesizer

Personell per Fitch og Mahon.Fitch, Vernon and Mahon, Richard, Comfortably Numb - A History of The Wall 1978-1981, 2006, s. 89

Kjelder Fitch, Vernon. The Pink Floyd Encyclopedia (3. utg.), 2005. ISBN 1-894959-24-8

Kategori:Pink Floyd-songar Kategori:Songar frå 1979 Kategori:Songar skrivne av Roger Waters Kategori:Songar produserte av Bob Ezrin Kategori:Songar produserte av David Gilmour Kategori:Songar produserte av Roger Waters Kategori:Songar om einsemd Kategori:Songar om sjølvmord Kategori:Korn-songar