«Symptom of the Universe» er ein song av det engelske heavy metal-bandet Black Sabbath frå albumet Sabotage frå 1975.

Oversyn «Symptom of the Universe» vart i hovudsak komponert av gitaristen Tony Iommi, med tekst av Geezer Butler. Avslutningspartiet, som er svært ulikt resten av songen, voks fram frå ei jamøkt i studio og vart skapt spontant på éin dag.

Konsertversjonar finst på albuma Past Lives, Cross Purposes Live og Live... Gathered in Their Masses, og dessutan på konsertvideoen Never Say Die!. Songen er òg opningssporet på konsertalbumet Speak of the Devil av Ozzy Osbourne frå 1982.

«Symptom of the Universe» vart rangert som den 19. beste Black Sabbath-songen i boka Rock – Das Gesamtwerk der größten Rock-Acts im Check frå 2013.

Musikalsk stil Hovudriffet i «Symptom of the Universe» vert rekna som ein strukturell og klangleg forløpar til thrash metal, ein undersjanger av heavy metal som voks fram tidleg i 1980-åra. Tony Iommi sa om songen at han byrjar med eit akustisk parti, før han går over i noko raskare for å skape dynamikk, og at han har mange skifte, mellom anna jamøkta på slutten.

Medverkande Ozzy Osbourne – vokal Tony Iommi – elektrisk og akustisk gitar Geezer Butler – bass Bill Ward – trommer, bongoar og claves

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Symptom of the Universe» frå , den 6. september 2026.

Kategori:Singlar frå 1975 Kategori:Black Sabbath-songar Kategori:Songar skrivne av Ozzy Osbourne Kategori:Songar skrivne av Tony Iommi Kategori:Songar skrivne av Geezer Butler Kategori:Songar skrivne av Bill Ward Kategori:Songar frå 1975 Kategori:Thrash metal-songar