Cheb okres er eit distrikt (tsjekkisk okres, fleirtal okresy) i regionen Karlovy Vary kraj i Tsjekkia. Det ligg vest i regionen og grenser i vest mot Tyskland, i sør mot Plzeň kraj.
Administrativ inndeling Distrikta vart avvikla som administrative einingar i 2003, men dei har framleis ein funksjon for aktivitetane til ulike etatar og for statistiske føremål. Det administrative ansvaret til distrikta vart ført over til administrative område til kommunar med utvida fullmakter (tsjekkisk správní obvody obcí s rozšířenou působností, forkorta SO ORP).
Dei administrative områda til kommunar med utvida fullmakter i Cheb okres:
Aš SO Cheb SO Mariánské Lázně SO
Folketal i distriktet Folketalet i distriktet i dei siste folketeljingane: Folketal 2001 Folketal 2011 Folketal 2021 Aš SO 17 041 16 994 16 508 Cheb SO 49 655 49 743 47 187 Mariánské Lázně SO 25 143 23 451 22 716 Cheb okres 91 839 90 188 86 411
Byar i distriktet Tabellen viser bykommunane i distriktet. Bykommunar med utvida fullmakter er utheva. By Folketal 2021 Cheb 30 161 Aš 12 257 Mariánské Lázně 11 979 Františkovy Lázně 5 032 Teplá 2 859 Luby 2 012 Hranice 1 998 Skalná 1 922 Plesná 1 858 Lázně Kynžvart 1 393
Merknader
Kjelder
Bakgrunnsstoff
Cheb Cheb