Teplice okres er eit distrikt (tsjekkisk okres, fleirtal okresy) i regionen Ústí nad Labem kraj i Tsjekkia. Det ligg sentralt i regionen og grenser i nordvest mot Tyskland.

Administrativ inndeling Distrikta vart avvikla som administrative einingar i 2003, men dei har framleis ein funksjon for aktivitetane til ulike etatar og for statistiske føremål. Det administrative ansvaret til distrikta vart ført over til administrative område til kommunar med utvida fullmakter (tsjekkisk správní obvody obcí s rozšířenou působností, forkorta SO ORP).

Dei administrative områda til kommunar med utvida fullmakter i Teplice okres:

Bílina SO Teplice SO

Folketal i distriktet Folketalet i distriktet i dei siste folketeljingane: Folketal 2001 Folketal 2011 Folketal 2021 Bílina SO 20 622 20 265 19 001 Teplice SO 105 476 105 233 103 729 Teplice okres 126 098 125 498 122 730

Byar i distriktet Tabellen viser bykommunane i distriktet. Bykommunar med utvida fullmakter er utheva. By Folketal 2021 Teplice 48 428 Bílina 14 104 Krupka 12 106 Duchcov 8 506 Dubí 7 560 Osek 4 532 Košťany 3 138 Hrob 1 953 Ledvice 508

Merknader

Kjelder

Bakgrunnsstoff

Teplice Teplice