Helleristingane på Stykket i Indre Fosen kommune i Trøndelag viser avbildingar av fem dyr, dei fleste tolka som elgar. Desse ristingane stammar truleg frå ein tidleg del av yngre steinalder, omkring år – fvt.
Elgar er eit av dei vanlegaste motiva på helleristingar frå steinalderen i Noreg. Det finst fleire tolkingar av slike helleristingsbilete. Tidlegare blei slike figurar ofte sette i samband med magiske krefter som kunne hjelpe til med å få kontroll over dei avbilda dyra, men figurane kan òg tolkast som vegvisarar som minna jegerane om kvar dyra er. Nokre gonger er slike dyrefigurar tolka som totemdyr som ei stamme kunne identifisere seg med. Figurane på Stykket kan vere minne om elgjakt som blei utført frå båt medan dyra var ute i vatnet.
Staden og funnet miniatyr|Feltet består av fem figurar. Truleg er alle hjortedyr/elgar. Garden Stykket ligg i Stadsbygd, om lag 5 km vest for ferjeleiet ved Rørvik. Ristingsflata ligg på ein bortimot loddrett bergvegg som vender mot sørvest. Ristingane ligg 50 m frå gardstunet, og 5–10 m frå gamlevegen som går forbi staden. Bergarten er mjuk skifer, med striper av kvarts. I vår tid står kvartsstripene att som 2 cm høge ryggar i den eroderte skiferen.
Ristningane blei oppdaga av ein gut frå Trondheim i 1977, då han var i området på skuletur med klassen sin. Då dei blei oppdaga, var bergflata overgrodd av lav, og det voks tett krattskog mellom vegen og bergflata. Det blir skildra som «overraskande» og «nærmast utruleg» at ristningane ikkje hadde blitt oppdaga tidlegare. Feltet blei først undersøkt av Kristen R. Møllenhus frå Vitskapsmuseet sommaren 1977, og då blei det påvist tre dyrefigurar. Då feltet blei grundigare undersøkt i 1978 og 1979 av Kalle Sognnes frå Vitskapsmuseet, blei det avdekt to nye figurar, slik at feltet no har fem kjende figurar.Adresseavisen, lørdag 2. juni 1979
Under årleg vårskjøtsel på staden blei det våren 2023 funne ein ny elgfigur på feltet.L.V. Kirkhus i Facebookgruppa Bergkunst i Midt-Norge, 9.6.2023
Feltet ligg i eit brattheng som leier ned mot sjøen. Trondheimsfjorden er på sitt smalaste akkurat her, både mellom Fosenhalvøya og Byneset og frå Fosen til Geitastrand. Ein kan tenkje seg at det har gått eit elgtrekk forbi her. Stykket ligg 1 km aust for det som var det sørlegaste punktet på Fosenhalvøya då ristingane blei laga. Rett nok er Rødberg, 3–4 km i vest, det sørlegaste punktet på Fosenhalvøya i dag. Rødbergneset består likevel av nyare lausmassar. På garden Rein, eit par kilometer vest for Stykket, blei det i 1972 funne to mindre elgristingar på lause steinar.Fredrik Gaustad. «Steinalderkunst fra Stadsbygd. Et helleristningsfunn på Rein». Årbok for Fosen 1976
Skildring av figurane
Alle figurane er konturhogde, naturalistisk utførte dyr i profil, med eitt frambein og eitt bakbein. Lengst til venstre på feltet står ein godt bevart elgfigur, 135 cm lang. Det er den einaste av figurane som har både kroppen og hovudet vendt mot høgre, ned mot fjorden.
Hovudgruppa består av tre elgfigurar, som er 270, 155 og 70 cm lange. Figurane skal gjenspegle «eit svært følsamt blikk for dyra si naturlege haldning og måte å bevege seg på.» Den største av desse tre figurane har nokre uferdige linjer, og føtene er uheldig plasserte i høve til kroppen. Sognnes meinte først at det kunne vere éin figur som aldri blei fullført, men skreiv seinare at hovud og bein ikkje høyrde saman, og at det kunne vere snakk om restar av to ulike dyrefigurar, eventuelt at dei kunne vise eit dyr i rørsle.Sognnes 1999 Det minste av dyra snur hovudet bakover mot resten av flokken, noko som gir det eit «uvanleg livaktig preg», ifølgje Sognnes.
Lengst til høgre, på andre sida av ein knekk i bergflata, står det femte dyret på feltet. Det kan vere eit hjortedyr, men er vesentleg mindre (50 cm langt) og dårlegare teikna enn dei andre. Det er mogleg at figuren førestiller ein hare. Ein liknande tvitydig hare-/elgfigur finst blant helleristingane på Strand.
Overblikk og tolkingar Elgfigurane på Stykket representerer ein type helleristingar som ikkje er spesielt vanlege i Trøndelag: store, naturalistisk utforma hjortedyr i profil. At figurane er «naturalistiske» inneber at dei har realistiske proporsjonar og ei naturtru attgiving av musklar og kroppslinjer. Forutan dei på Stykket finst denne typen berre på Bardal og Bøla, i tillegg til ein elgfigur på Bugge. Desse naturalistiske ristingane blir vanlegvis rekna for å vere dei eldste ristingane, og basert på landheving og stiluttrykket kan Stykket-feltet daterast til cirka år 3 800–3 000 fvt.Heidrun Stebergløkken. Bergkunstens gestalter, typer og stiler : en metodisk og empirisk tilnærming til veidekunstens konstruksjonsmåter i et midtnorsk perspektiv. Doktoravhandling NTNU, 2016. (pdf) Ettersom ristingane ligg ved fjorden og ved eit mogleg elgtrekk, har det blitt antyda at helleristingsfeltet gjenspeglar ein jakttradisjon med jakt på hjortedyr frå båt. Slik jakt er kjend frå inuittane på Grønland og andre arktiske folkegrupper. Dersom jakta gjekk føre seg ved at dyr blei jaga ut i vatnet og avliva der, må jakta ha blitt utført av fleire grupper menneske i samarbeid.
Området i dag miniatyr|Helleristingane er tilrettelagde med parkering og informasjonstavle. Helleristingsfeltet er tilrettelagt for publikum med parkering, informasjonstavler og elektronisk informasjon for mobiltelefon. Det er òg tilrettelagt for rullestolbrukarar.
Feltet inngår i Trøndelag fylkeskommune sitt formidlingsprosjekt Bergkunstreisen.Helle Vangen Stuedal. «Bergkunstreisen i Trøndelag»; Spor; 2020, nr 2
Kjelder Sognnes 2010 Sognnes 1979 Sognnes 1981 Sognnes 1991
Denne artikkelen bygger på «Helleristningene på Stykket» frå , den 10. september 2026.
Litteratur Kalle Sognnes (1979). «Steinalderens bergkunst på Fosenhalvøya». I: Årbok for Fosen 1979.
Kalle Sognnes (2002). «Bilde, landskap og ritar i midt-norsk stein- og bronsealder». I: Bilder av bronsålder. Redigert av Joakim Goldhahn. ( Acta Archaeologica Lundensia Series altera in 8°; 37). ISBN 91-22-01941-3 Kalle Sognnes (2002). «Land of elks - sea of whales : landscapes of the Stone Age rock-art in Central Scandinavia». I: European landscapes of rock-art. Redigert av George Nash og Christopher Chippindale. Routledge. ISBN 0415257344 Kalle Sognnes (2010). «Bilder på berget». I: Se Trøndelag! : kunst og visuell kultur i midten av Norge. BInd 1: Kunsten før kunsten. Tapir akademisk forlag. Side 73-108. ISBN 978-82-519-2617-1 Kalle Sognnes (2012). «The 'polished' petroglyphs of north Norway: Some methodological remarks regarding location and age». I: Rock art research; Vol 29 (1), side 47-58 Eva Lindgaard (2012). Feltrapport : geologisk rapport for Stykket ristningsfelt … Rissa […]. Vitenskapsmuseet, 2012. (pdf)
Bakgrunnsstoff
Stykket i Rissa; kulmin.no, 2010 Stykket; kulmin, på Youtube, 2010 Stykket; bilder og engelsk/finsk tekst, ismoluukkonen.net Stadsbygd, Fosen – Rock art; Bente Haarstad Photography Stykket helleristningsfelt; Perler på en snor, opplevelsesreiser i Indre Fosen
Stykket Kategori:Kulturminne i Indre Fosen