Hans Theodor Woldsen Storm () var ein tysk forfattar og jurist frå Husum i Schleswig-Holstein. Gjennom sin poesi og prosa er han ein av dei fremste forfattarane innom realismen i tysk litteratur. Han er best kjent for sine noveller, men såg på seg sjølv som fyrst og fremst poet og dikta sine som opphav til historiene han skreiv.
I tillegg til dei tidlege lyriske og stemningsfulle verka som Immensee og Angelica, finst andre tema og impulsar i romanane frå hans midt- og seinare år. Dei omfattar tankar som er kritiske til religion og samfunn, så som i Veronica, Im Schloß eller Ein Doppelgänger. Med kunsteventyr og skræmelege forteljingar som Draußen im Heidedorf og Renate, Eekenhof og til slutt Der Schimmelreiter, står desse verka i spenning med realistiske formkrav.
Storm var advokat og nytta sine erfaringar i ei rekke noveller. Nokre vers og historier er retta mot adelen og kritiserer hierarkiet av embetsmenn samt kombinasjonen av verdslege og åndelege krefter. Sjølv om politikk ikkje var hans eigenlege interessefelt, tok han standpunkt i sosiale spørsmål med rot i historiske hendingar og var viljug til å engasjere seg. Han var med å grunnleggje ei patriotisk hjelpeforeining og, etter førespurnad frå venen Theodor Mommsen, skreiv han rapportar om Schleswig-Holstein-opprøret.
Då danske styresmakter ikkje fornya hans advokat-lisens, flytta han i 1853 til Potsdam for å arbeide ved tingretten der. I 1856 flytta han til Heiligenstadt i det katolske Eichsfeld, vende i 1864 tilbake til Husum der han var fut. I 1880 forlet han heimbyen og heldt siste leveåra til i Hademarschen. Der skreiv han si siste og mest omfattande novelle, meisterverket Der Schimmelreiter.
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Theodor Storm» frå , den 19. september 2026.
Bakgrunnsstoff
Kategori:Tyske forfattarar Kategori:Forfattarar frå 1800-talet