mini|Fig. 1 Felles basekopling. Felles basekopling er ein forsterkarkrins bygd rundt ein bipolar transistor, med basen som fellesterminal, som vist i fig. 1. Som det går fram av fig. 1 er basen er kopla til jord via kondensatoren , men på grunn av spenningsdelaren ligg det ei likespenning på basen. Men på grunn av vert tidsvarieande signal kortslutta til jord, slik at ac-messig ligg basen på signaljord; derav betegnelsen «felles basekopling».

I motsening til felles emitterkopling og emitterfylgjarar vert inngangssignalet kopla til emitteren, så krinsen har låg inngangsimpedans. Utgangssignalet vert henta frå kollektoren, som i ei felles emitterkopling. Felles basekopling forsterkar spenninga, men ikkje straumen. Krinsen i fig. 1 er bygd rundt ein NPN-transistor. Ein felles basekoplingskrins kan òg nytta ein PNP-transistor, men NPN er det vanlegaste.

Kondensatoren blokkerer for likestraum, slik at signalkjelda på inngangen ikkje vert utsett for likespenning. På same måte blokkerer kondensatoren for likestraum på utgangen, slik at lasten ikkje vert påtrykt likespenning. Kondensatorane slepp gjennom tidsvarierande straum (vekselstraum), så dei vert kalla «koplingskondensatorar».

Felles basekopling er nyttige når ein treng ein låg inngangsimpedans. Dei vert nytta i i samband med radiofrekvenssignal, til dømes når ein ynskjer å matsja kjeldeimpedansen til ei antenne for å overføra størst mogleg effekt ein antenneforsterkar. Felles basekopling inngår òg ein ein byggeklosse i samansette krinsar, som til dømes i cascodekoplingar.

Forspenningsnettverket Forspenningsnettverket, òg kalla biasnettverket, er det same som vert nytta i felles emitterkopling, så det er ikkje vidare omtala i denne artikkelen.

Småsignalanalyse mini|Fig. 5 Småsignal T-modell for bipolar transistor. Transistoren har ein ulieær overføringskarakteristikk, så for å finna spennings- og straumforsterkninga til forsterkartrinnet lineariserer vi overføringskarakteristiken ved at vi nyttar ein såkalla lineær småsignalmodell. Dette forenklar analysen og for små variasjonar av spenningar og straumar fører dette ikkje til så alt for store feil. Det finst fleire småsignalmodellar; fig. 2 syner ein småsignal T-modell.

Spenningsforsterkning Spenningsforsterkninga

der

er den indre motstanden mellom base og emitter. Småsignaltransistorar har som oftast så stor at som betyr at () kan forenklast til

og på grunn av at kan () forenklast til

så spenningsforsterkninga er den same som for ei felles emitterkopling.

Straumforsterkning Straumforsterkninga

så krinsen forsterkar ikkje straumen. Generatoren som driv krinsen lyt difor ha låg impedans. Eit døme på slike kjelder er sensorar som har straumutgang.

Inn- og utgangsimpedansar Inngangsmotstanden (inngangsimpedasen i midtfrekvensområdet)

der i fig. 1.

Utgangsimpedansen

som er den same som i ei felles emitterkopling.

Frekvensrespons Frekvensresponsen til ein felles forsterkartrinnet er i lågfrekvensområdet avhengig av koplingskondensatorane og dei eksterne motstandane, medan han i høgfrekvensområdet vert bestemt av interne kapasitans i transistoren saman med dei eksterne motstandane.

Lågfrekvensresponsen Kondensatoren gjen opphav til eit HP-filter med knekkfrekvens

der er utgangsmotstanden til signalgeneratoren. Knekkfrekvensen på grunn av blir

som er den same som i ei felles emitterkopling.

Høgfrekvensresponsen Bandbreidda til forsterkaren vert betemt av LP-filtere, danna på grunnn av eksterne motstandar og interne kapasitansar, kalla parasittiske kapasitansar. Desse er kapasitansen mellom basen, og emitteren og mellom kollektor og base. Når kollektorspenninga varierer vil det oppstå attendekopling til basen via , men signalt vert kortslutta til jord via , så Miller-effekten er fråverande. Dette gjer at ei basekopling har mykje større bandbreidd enn ei felles emitterkopling.

Referansar T.L. Floyd, Electronic devices, 9. utg., Prentice Hall, 2012. J. Millman og C.C. Halkias, Integrated electonics: Analog and digital circuits and systems, McGraw-Hill, 1972.

Kategori:Analog elektronikk Kategori:Analog audio