Pardubice okres er eit distrikt (tsjekkisk okres, fleirtal okresy) i regionen Pardubice kraj i Tsjekkia. Det ligg nordvest i regionen og grenser i vest mot Sentral-Böhmen, i nord mot Hradec Králové kraj.

Administrativ inndeling Distrikta vart avvikla som administrative einingar i 2003, men dei har framleis ein funksjon for aktivitetane til ulike etatar og for statistiske føremål. Det administrative ansvaret til distrikta vart ført over til administrative område til kommunar med utvida fullmakter (tsjekkisk správní obvody obcí s rozšířenou působností, forkorta SO ORP).

Dei administrative områda til kommunar med utvida fullmakter i Pardubice okres:

Holice SO Pardubice SO Přelouč SO

Folketal i distriktet Folketalet i distriktet i dei siste folketeljingane: Folketal 2001 Folketal 2011 Folketal 2021 Holice SO 15 480 17 190 18 006 Pardubice SO 120 979 126 780 130 165 Přelouč SO 24 199 24 453 25 035 Pardubice okres 160 658 168 423 173 206

Byar i distriktet Tabellen viser bykommunane i distriktet. Bykommunar med utvida fullmakter er utheva. By Folketal 2021 Pardubice 89 619 Přelouč 9 276 Holice 6 745 Sezemice 4 087 Lázně Bohdaneč 3 407 Chvaletice 2 806 Dašice 2 211 Horní Jelení 2 037

Merknader

Kjelder

Bakgrunnsstoff

Pardubice Pardubice