Grøniguan (Iguana iguana) er ein art i familien Iguanidae, ei stor og morfologisk variert gruppe av reptil i «den nye verda». Han har naturleg utbreiing i Mellom-Amerika og Sør-Amerika.

Skildring Dette er ei stor trelevande øgle. Dei fleste iguanane av denne arten blir vanlegvis opptil 1,5 meter lange, men einskilde blir 2 meter lange frå snutespissen til haletuppen. Hannane har ei snute–kloakk-lengd på 30–40 cm, medan hoene er om lag 10 cm kortare. Halen er svært lang og noko flattrykt frå sidene. Vanlegvis er kroppsvekta 4-6 kg, men somme individ kan vege 8 kg.

Han har eit smalt hovud, med avrunda snute sett ovanfrå og avskoren snute sett frå sida. Augo er store og har vertikalt elliptiske pupillar. Framlemmane er kraftige og har fingrar med svært sterke klør. Vaksne hannar har ein særleg stor strupelapp med trekanta skjel langs kanten som gjev han eit sagtanna utsjåande. Ved basis av hovudet byrjar ei rekkje breie og langstrekte skjel som held fram langs midten av ryggen over kroppen og halen. På sidene av hovudet har han eit avlangt, rundt skjold. Langs sidene av nakken har han vanlegvis tornar. Trass i namnet er Iguana iguana ikkje heilt grøn. Mange individ er snarare grågrøne eller har eit tydeleg innslag av brunt. Farga endrar seg med alderen, hannar har også ein tendens til å skifte til oransje farge i paringssesongen.

mini|høgre|Grøniguan i ein park i Costa Rica Arten finst frå Mexico til Brasil og Pantanal i Paraguay, og dessutan på øyar i Dei små antillane og som forvilla populasjon i Florida i USA. I Mexico finst arten på stillehavssida, hovudsakleg frå Sinaloa til Chiapas. På atlanterhavssida finst han frå Veracruz til Yucatánhalvøya.

Grøniguan lever i tropisk skog og mangrovar, og i mindre grad i tørre og halvtørre område. Han føretrekkjer eit varmt eller svært varmt og fuktig eller halvtørt klima. Arten finst frå havnivå opp til nær 1000 meter over havnivå. Grøniguan er utelukkande ein planteetar, i naturen et han hovudsakleg blad frå lauvverk og noko moden frukt.

I enkelte land har grøniguan ei kulinarisk tyding. Kjøtet frå både jaktfanga og oppdrettsdyr blir nytta som mat. Det blir kalla «grøne kyllingar», fordi kjøtet minner om kyllingkjøt. Ein kjend rett av iguan i Mellom-Amerika er sopa de garrobo.

Galleri

Kjelder

Denne artikkelen er ei omsetjing av innleinga til «Iguana iguana» frå , den 26. september 2026

Bakgrunnsstoff

Kategori:Øgler Kategori:Iguanar Kategori:Dyr i Sør-Amerika Kategori:Dyr i Mellom-Amerika