Madeira er ei stor elv i Sør-Amerika. Ho er rekna for å vere 1450 km lang, medan heile Madeira-Mamoré er rekna til om lag 3250 eller 3380 km, avhengig av kva for målemetode og kjelde som blir nytta. Madeira er den største sideelva til Amazonaselva, og står for om lag 15 % av vassføringa i Amazonasbekkenet.Wildlife Conservation Society, 2016

Løp mini|venstre|To dampskip på Madeira i 1911 mini|venstre|Teotônio-stryka ved Porto Velho, før iverksetting av Santo Antônio-demninga Madeira blir danna der elvane Mamoré og Beni har samløp på grensa mellom Bolivia og Brasil nær den brasilianske byen Nova Mamoré. Elva renn først nær 100 km nordover langs grensa mellom dei to landa, før ho svingar mot nordaust gjennom dei brasilianske statane Rondônia og Amazonas. Undervegs tek ho imot vatn frå fleire store sideelvar, mellom anna Ji-Paraná (Machado) og Aripuanã. Nedbørsfeltet strekkjer seg frå Andesfjella i vest til det sentrale Sør-Amerika, og er eit av dei største i Amazonas-systemet. Madeira munnar ut i Amazonaselva nær byen Itacoatiara, ca. 200 km aust for Manaus. Nedbørsfeltet til Madeira er til saman 850 000 km², noko som er nesten like stort som Frankrike og Spania til saman.

Ein vektig by for handel og eksport av varer frå Amazonas er Porto Velho i Brasil, ca. 200 km nordaust for grensa til Bolivia.

Nedbør

Den gjennomsnittlege årsnedbøren i dei store nedbørfelta varierer frå 750 til 3000 mm, medan heile det øvre Madeira-nedbørsfeltet får 1705 mm i gjennomsnitt. Dei største ytterpunkta for årsnedbør ligg mellom 490 og 7000 mm. Sjølv like nedanfor samløpet som dannar Madeira, er elva ei av dei største i verda målt etter vassføring, med ei gjennomsnittleg årleg vassføring på 18 000 m³/s, tilsvarande 568 km³ vatn per år. Dette er om lag halvparten av vassføringa i Kongoelva. Lenger ned mot Amazonaselva aukar den gjennomsnittlege vassføringa i Madeira til 31 200 m³/s.

Kjelder

Denne artikkelen er ei omsetjing av delar av artikkelen «Madeira River» frå , den 4. oktober 2026

Bakgrunnsstoff

Kategori:Elvar i Brasil Kategori:Sideelvar til Amazonaselva