mini|Raudflekka perlemorveng i Vestmarka i Larvik. Raudflekka perlemorveng (Boloria euphrosyne) er ein sommarfugl som tilhøyrer gruppa perlemorvenger (Argynnini) i den store familien flikvenger (Nymphalidae). Han er mykje lik brunflekka perlemorveng (Boloria selene), men er vanlegvis litt større og litt friskare i fargen enn denne. Han er vanleg over det meste av Noreg, men går ikkje høgt opp i fjellet.
Utsjånad Sommarfuglen er ein av fleire ganske like arter som kan skiljast på mønsteret på undersida på bakvengen. Vengespennet er 34-46 mm.
Levevis Larvane lever på ulike slag fiolar (Viola spp.). Dei vaksne sommarfuglane flyg i mai-juli i Noreg, tidlegast i sør. Arten finst i låglandet over heile Noreg og er den vanlegaste perlemorvengen på Vestlandet.
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Rødflekket perlemorvinge» frå , den 5. oktober 2026.
oppgav desse kjeldene: Eliasson, C.U., Ryrholm, N., Holmer, M. Jilg, K. & Gärdenfors, U. 2005. Nationalnyckeln till Sveriges flora och fauna. Fjärilar: Dagfjärilar. Hesperiidae – Nymphalidae. ArtDatabanken, SLU, Uppsala. ISBN 91-88506-51-7 Aarvik, Leif, Berggren, Kai, Hansen, Lars Ove. 2000. Norges Sommerfugler. Catalogus Lepidopterorum Norwegiae. Norsk entomologisk forening. 192 sider. ISBN 82-995095-1-3 Aarvik, Leif, Hansen, Lars Ove, Vladimir Kononenko. 2009. Norges Sommerfugler. Håndbok over Norges dagsommerfugler og nattsvermere. Norsk entomologisk forening, Naturhistorisk museum, Universitetet i Oslo. 432 sider. ISBN 978-82-996923-2-8
Bakgrunnsstoff
Kategori:Sommarfuglar