Znojmo okres er eit distrikt (tsjekkisk okres, fleirtal okresy) i regionen Sør-Mähren i Tsjekkia. Det ligg vest i regionen og grensar i sør mot Austerrike, i nord mot Vysočina kraj med ei kort grense mot Sør-Böhmen i vest.
Administrativ inndeling Distrikta vart avvikla som administrative einingar i 2003, men dei har framleis ein funksjon for aktivitetane til ulike etatar og for statistiske føremål. Det administrative ansvaret til distrikta vart ført over til administrative område til kommunar med utvida fullmakter (tsjekkisk správní obvody obcí s rozšířenou působností, forkorta SO ORP).
Dei administrative områda til kommunar med utvida fullmakter i Znojmo okres:
Moravský Krumlov SO Znojmo SO
Folketal i distriktet Folketalet i distriktet i dei siste folketeljingane: Folketal 2001 Folketal 2011 Folketal 2021 Moravský Krumlov SO 22 375 21 799 22 291 Znojmo SO 89 902 89 581 90 118 Znojmo okres 112 277 111 380 112 409
Byar i distriktet Tabellen viser bykommunane i distriktet. Bykommunar med utvida fullmakter er utheva. By Folketal 2021 Znojmo 33 736 Moravský Krumlov 5 653 Hrušovany nad Jevišovkou 3 186 Miroslav 2 981 Jevišovice 1 150
Merknader
Kjelder
Bakgrunnsstoff
Znojmo Znojmo