Cranioleuca er ei biologisk slekt av fuglar i omnfuglfamilien Furnariidae. Slekta omfattar talrike artar som har leveområde i det tropiske Amerika, med utbreiing frå Costa Rica i Mellom-Amerika, sørover gjennom Sør-Amerika til sentrale delar av Argentina. Medlemene av slekta er på spansk kjende som curutiés.
Etymologi Det vitskaplege slektsnamnet Cranioleuca er sett saman av dei greske orda kranion (κρανιον), som tyder «hovud» eller «skalle», og leukos (λευκος), som tyder «kvit». Namnet viser til den kvite krona hos typearten Cranioleuca albiceps.
Kjenneteikn Slekta omfattar ei talrik og nokså einsarta gruppe små omnfuglar som måler mellom 14 og 17 cm i lengd. Fjørdrakta er hovudsakleg brun, okerfarga og kvit. Artane finst i ei rekkje ulike skog- og skogkantmiljø, med størst mangfald langs Andesfjella.
Dei skil seg frå artane i slekta Synallaxis ved å ha kortare hale og ved å vere meir trelevande, og minner noko om små lauvvendarar. Dei er ofte meir synlege enn Synallaxis-artane, gøymer seg sjeldnare i underskogen og følgjer ofte fleirartsflokkar. Dei er likevel generelt mindre høglydte.
Taksonomien i slekta er framleis under utvikling, og fleire artar har i nyare tid vorte flytta til eller frå andre slekter.
Artsoversyn Medlemmar av Cranioleuca i rekkjefølgje etter AviList v2025: med norske namn etter Norske navn på verdens fugler:
Bilete Norsk namn Vitskapleg namn Autor Utbreiing140pxRaudmjukstjertCranioleuca berlepschi(, 1905)80px140pxMarcapatapiggstjertCranioleuca marcapatae, 193580px140pxKvitkronestiftstjertCranioleuca (marcapatae) weskei, 198480px140pxBleikkronepiggstjertCranioleuca albiceps(), 183780px140pxRevepiggstjertCranioleuca vulpina(), 185680px140pxCoibapiggstjertCranioleuca dissita, 195780px140pxFlodpiggstjertCranioleuca vulpecula(), 186680px140pxRaggkronepiggstjertCranioleuca subcristata(), 187480px140pxStripekronepiggstjertCranioleuca pyrrhophia(), 181880px140pxBoliviapiggstjertCranioleuca henricae, 199780px140pxOlivenpiggstjertCranioleuca obsoleta(), 185380px140pxBleikpiggstjertCranioleuca pallida(), 183180pxGråhovudpiggstjertCranioleuca semicinerea(), 185380px140pxKremkronepiggstjertCranioleuca albicapilla(), 187380px140pxRaudhettepiggstjertCranioleuca erythrops(), 186080px140pxTepuipiggstjertCranioleuca demissa(), 188480px140pxStripehovudpiggstjertCranioleuca hellmayri(), 190780px140pxOskebrynpiggstjertCranioleuca curtata(), 187080px140pxStrekøyrepiggstjertCranioleuca antisiensis(), 185980px140pxSkjelpiggstjertCranioleuca muelleri(), 191180px
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Cranioleuca» frå , den 8. oktober 2026
Referansar
Bakgrunnsstoff
Kategori:Omnfuglfamilien Kategori:Fuglar i den neotropiske regionen Kategori:Fugleslekter