Kroměříž okres er eit distrikt (tsjekkisk okres, fleirtal okresy) i regionen Zlín kraj i Tsjekkia. Det ligg vest i regionen og grenser i vest mot Sør-Mähren, i nord mot Olomouc kraj.
Administrativ inndeling Distrikta vart avvikla som administrative einingar i 2003, men dei har framleis ein funksjon for aktivitetane til ulike etatar og for statistiske føremål. Det administrative ansvaret til distrikta vart ført over til administrative område til kommunar med utvida fullmakter (tsjekkisk správní obvody obcí s rozšířenou působností, forkorta SO ORP).
Dei administrative områda til kommunar med utvida fullmakter i Kroměříž okres:
Bystřice pod Hostýnem SO Holešov SO Kroměříž SO
Folketal i distriktet Folketalet i distriktet i dei siste folketeljingane: Folketal 2001 Folketal 2011 Folketal 2021 Bystřice pod Hostýnem SO 16 015 15 408 14 615 Holešov SO 21 620 21 228 21 197 Kroměříž SO 70 176 68 933 66 328 Kroměříž okres 107 811 105 569 102 140
Byar i distriktet Tabellen viser bykommunane i distriktet. Bykommunar med utvida fullmakter er utheva. By Folketal 2021 Kroměříž 28 280 Holešov 11 519 Bystřice pod Hostýnem 7 861 Hulín 6 320 Chropyně 4 587 Morkovice-Slížany 2 777 Koryčany 2 660
Merknader
Kjelder
Bakgrunnsstoff
Kromeriz Kromeriz