Artur Tahir oğlu Rasizadə () er ein aserbajdsjansk politikar. Han var statsminister frå 20. juli 1996 til 4. august 2003 under president Heydər Əliyev. Han gjekk av for å gjera plass for presidenten sin son, İlham Əliyev, som vart utpekt til statsminister i forkant av presidentvalet i oktober 2003. Etter at İlham Əliyev hadde vunne presidentvalet utnemnde han på nytt Artur Rasizadə som statsminister, frå 4. november 2003. Han var statsminister fram til 2018.
Kategori:Aserbajdsjanske statsministrar Kategori:Aserbajdsjanske parlamentsmedlemmer Kategori:Nye Aserbajdsjanske Parti-politikarar Kategori:Aserbajdsjanske diplomatar Kategori:Aserbajdsjanske ingeniørar Kategori:Aserbajdsjanske akademikarar Kategori:Aserbajdsjanarar frå 1900-talet Kategori:Aserbajdsjanarar frå 2000-talet