mini|Ei gruppe lamut- eller even-kvinner i tradisjonelle drakter i Okhotsk okrug på byrjinga av 1900-talet. Evenar (tidlegare kjende som lamutar, som tyder ‘havfolket’ på evensk) er eit mandju-tungusisk folk frå Sibir og Russisk fjerne austen. Dei bur i nokre delar av Magadan oblast og Kamtsjatka kraj og dei nordlege delane av Sakha aust for elva Lena. Dei taler sitt eige språk, evensk, som tilhøyrer den tungusiske språkfamilien.
Ifølgje folketeljinga 2002 budde det 19 071 evenar i Russland, ved folketeljinga 2010 budde det 22 383 evenar i Russland, av desse 15 071 i Republikken Sakha, 2 635 i Magadan oblast, 1 872 i Kamtsjatka kraj, 1 392 i Tsjukotskij autonome okrug og 1 128 i Khabarovsk kraj.
Evenerane stammar truleg frå folk som migrerte frå Transbajkal til kystområda i Aust-Sibir. Dei ligg nær på evenkarar med omsyn til opphav og kultur. Offisielt er dei blitt rekna som ortodokse kristne sidan 1800-talet, men evenarane har halde på nokre former for førkristen tru, som sjamanisme. Ved folketeljinga i Ukraina i 2001 blei det funne 104 evener, der 19 talte evensk.
Tradisjonelt har liva til evenarane vore prega av nomadisk husdyrhald med temma reinsdyr, supplert med jakt, fiske og fangst. Evenarane nytta òg reinsdyra sine som ridedyr. Hushaldet blei supplert med viltjakt om vinteren. Jegerane reid nokre gangar på reinsdyr, andre gangar nytta dei ski av tre.
Dei tradisjonelle bustadane deira var koniske telt dekte med dyreskinn. I dei sørlege kyststrøka nytta dei fiskeskinn. Fastbuande evenarar budde i hyttar av jord og tre. Dei kunne reisa skur i nærleiken av bustaden til å oppbevara frosen fisk og kjøtt.
Sovjettida innebar betydelege endringar for evenarane. Dei fekk eit skriftspråk og utrydda analfabetismen blant dei på 1930-talet. Mange tidlegare nomadar blei fastbuande, deltok i koltsjosar og medverka ved feavl og åkerbruk.
Merknadar
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Evener» frå , den 19. oktober 2026.
Litteratur
James Forsyth: A History of the Peoples of Siberia, 1992 (engelsk) Piers Vitebsky: Reindeer People: Living with Animals and Spirits in Siberia; HarperCollins 2005; (engelsk)
Kategori:Folkegrupper i Russland