William Scoresby () var ein engelsk utforskar, vitskapsmann og geistleg.
Far hans, William Scoresby (1760–1829), tente ein formue på arktisk kvalfangst. William var med på den fyrste reisa saman med faren då han var 11 år gammal, men fortsette skulegangen sin etter denne turen, og fram til 1803.
Etter endt skulegang segla han saman faren, og var overstyrmann på kvalfangstskuta «Resolution» då denne nådde 81° 30' N. lat. den 25. mai 1806. Dette var i 25 år rekord for det nordlegaste nokon hadde segla på den austlege halvkula.
På ei reise til Grønland i 1822 kartla han med imponerande nøyaktigheit 400 km av den grønlandske austkysten, frå 69° 30' til 72° 30'. Dette var fyrste gongen Aust-Grønland blei kartlagd på denne måten.
Både månekrateret Scoresby og byen Scoresbysund (Ittoqqortoormiit) fekk namn etter han.
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «William Scoresby» frå , den 23. oktober 2026.
Kategori:Medlemmar av Det franske vitskapsakademiet Kategori:Engelskmenn