Smygarar (Hesperiidae) er ein familie av dagaktive sommarfuglar som høyrer til gruppa dagsommarfuglar (Rhopalocera). Dei er systergruppa til dei eigentlege dagsommarfuglane (Papilionoidea), og kan skiljast frå desse på at antennene endar i ein liten krok ytst, og på at hovudet er ganske stort og breitt. Tidlegare blei nokre store, amerikanske artar rekna som ein familie for seg, Megathymidae, men nyare fylogenetiske analysar tyder på at desse høyrer til i undergruppa Hesperiinae. venstre|mini|Engsmygar (Ochlodes sylvanus), hann. venstre|mini|Burara jaina (Coeliadinae) frå Søraust-Asia mini|Stjertsmygar (Urbanus proteus) finst over heile Sør-Amerika og det sørlege Nord-Amerika.

Utsjånad Artane i gruppa er stort sett middelsstore (vengespenn 15-70 mm) sommarfuglar med kraftig kropp.  Dei fleste er brun- eller gulaktige, men nokre tropiske arter er meir fagerike. Hovudet er påfallande stort og breitt, breiare enn brystet (thorax). Sugesnabelen er velutvikla. Antennene er middels lange, og klubbeforma, i motsetnad til hjå Papilionoidea dannar dei ein liten krok ytst. Framvengen er meir eller mindre trekanta, gjerne relativt smale, men breiare hjå underfamilien Pyrginae. Bakvengene er avrunda og ofte relativt små. Hjå nokre arter (ikkje-europeiske) endar bakvengene i lange stjertar. Hannane har gjerne felt av mørke duftskjel på framvengene. Bakkroppen er relativt kort, kjegleforma hjå hannar og sylindrisk hjå hoer. Larvene er langstrekte, sylindriske og meir eller mindre nakne. Eit karakteristisk trekk er at hovudkapselen er markert avsett frå resten av kroppen – dei har tydeleg hals.

Levevis Dei vaksne sommarfuglane flyg om dagen i solskin. Dei har ei karakteristisk, brå og rykkvis flukt (som har gjeve opphav til det engelske namnet til familien, «skippers»). Dersom ein prøver å fanga dei med ein hov, har dei lett for å smetta vekk i vegetasjonen, derav det norske namnet. Sommarfuglane drikk gjerne nektar frå blomar, og ein kan òg sjå dei suga på fugleskit eller frå sølepyttar for å få i seg ulike mineral. Larvene lever på fleire ulike plantar. Underfamilien Hesperiinae lever på einfrøblada plantar, særleg frå grasfamilien (Poaceae), medan Pyrginae for det meste lever på tofrøblada plantar. Meir enn 50 ulike plantefamiliar har blitt registrerte som vertsplantar. Larvene lever mellom samanrulla blader haldne saman med silke.

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Smygere» frå , den 25. oktober 2026.

Bakgrunnsstoff

Kategori:Sommarfuglar