Río de la Plata-bassenget (spansk Cuenca del Plata, portugisisk Bacia do Prata) er eit nedbørsfelt i Sør-Amerika på om lag 3,2 millionar km². Bassenget dekkjer nær ein femdel av arealet på det søramerikanske kontinentet og er det nest største nedbørsfeltet i Sør-Amerika, etter Amazonasbekkenet, og eit av dei fem største i verda. Det omfattar områda som drenerer til Río de la Plata, og strekkjer seg over søraustlege delar av Bolivia, sørlege og sentrale delar av Brasil, heile Paraguay, det meste av Uruguay og nordlege delar av Argentina.
Dei tre viktigaste elvane i bassenget er elva Paraná, elva Paraguay og elva Uruguay. Paraguay er den største sideelva til Paraná, alle tre fører vatn mot estuaret Río de la Plata.
Geografi mini|høgre|Samløpet mellom elva Iguazú og elva Paraná i Puerto Iguazú, innanfor atlanterhavsskogen. Río de la Plata-bassenget er avgrensa av det brasilianske høglandet i nord, Andesfjella i vest og Patagonia i sør. Nedbørsfeltet strekkjer seg om lag 2 400 km nordover frå Río de la Plata til område nær Brasília og Cuiabá i Brasil og Sucre i Bolivia. Det ligg mellom 14° og 37° sørleg breidd og 43° og 67° vestleg lengd. Totalt areal av Río de la Plata-bassenget er 3 170 000 km².
Paraná gjev det største vassbidraget til Río de la Plata og er den nest lengste elva i Sør-Amerika. Ho renn gjennom store delar av det sørlege og sentrale Sør-Amerika og samlar vatn frå eit omfattande nettverk av sideelvar. Paraná er 2 570 km lang, 3 740 km om ein tar med elva Paranaíba.
Nedbørsfeltet omfattar delar av eller heile dei brasilianske delstatane Mato Grosso, Goiás, Minas Gerais, São Paulo, Mato Grosso do Sul, Paraná, Santa Catarina og Rio Grande do Sul. I Bolivia omfattar det delar av departementa Santa Cruz, Chuquisaca og Tarija. Heile Paraguay ligg innanfor nedbørsfeltet, medan det i Uruguay omfattar dei vestlege og sentrale delane av landet.
I Argentina omfattar nedbørsfeltet delar av provinsane Jujuy, Salta, Formosa, Chaco, Misiones, Tucumán, Santiago del Estero, Santa Fe, Corrientes, Córdoba, Entre Ríos, Buenos Aires og La Pampa.
Hydrologi
Nedbøren i Río de la Plata-bassenget blir samla opp av eit omfattande nettverk av elvar som til slutt fører vatnet til Río de la Plata. Hovudmengda kjem gjennom Paraná, Paraguay og Uruguay. Frå estuaret renn vatnet vidare ut i Atlanterhavet. Den gjennomsnittlege vassføringa er om lag 23 000 m³/s, og det meste av vatnet, meir enn 75 %, kjem frå Paraná. Nedbørsfeltet er òg eit viktig tilsigsområde for Guarani-akviferen, eit av dei største grunnvassystema i verda.
Elvane fører med seg store mengder sediment. Det er estimert at om lag 80 millionar tonn slam blir transportert til og avsett i Río de la Plata-estuaret kvart år. Vind og tidevatn rører opp det slamrike vatnet. For å halde skipsleia mellom Atlanterhavet og Buenos Aires open må ho jamleg mudrast.
Viktige elvar og sideelvar
Paraná
Paraná er hovudelva i den sørlege delen av bassenget og tek imot vatn frå ei rekkje store sideelvar. Dei viktigaste er Paranaíba, Rio Grande, Tietê, Paranapanema, Iguaçu, Paraguay og Salado. Paraná endar i det store Paraná-deltaet før ho renn ut i Río de la Plata.
Paraguay
Paraguay renn gjennom våtmarkssystemet Pantanal i Brasil før ho held fram sørover tvers gjennom Paraguay. Viktige sideelvar er Pilcomayo og Bermejo. Paraguay renn til slutt saman med Paraná i Argentina.
Uruguay
Uruguay renn sørover langs delar av grensa mellom Brasil, Argentina og Uruguay. Dei viktigaste sideelvane omfattar Pelotas, Canoas, Ibicuí og Río Negro.
Andre elvar
Salado i Buenos Aires (Salado del Sur) med sitt nedbørsfelt i provinsen Buenos Aires er ei stor elv sum munnar ut mot sør i utkanten av havbukta Río de la Plata.
Kjelder
Denne artikkelen bygger dels på «Río de la Plata Basin» frå , den 31. oktober 2026
Bakgrunnsstoff
Kategori:Nedslagsfelt i Sør-Amerika