Andreas Thorkildsen () er ein norsk tidlegare friidrettsutøvar for Kristiansand IF. Han er særleg kjend for gode prestasjonar innan spydkast og er olympisk meister to gonger, i 2004 og 2008. Han har sett den norske rekorden i spydkast på 91,59 m, og har også olympisk rekord på 90,57 m, sett under Sommar-OL 2008 i Beijing. 23. august 2009 vart han verdsmeister i Berlin, og vart med det den første mannlege spydkastaren som hadde vunnet OL-, VM- og EM-gull. Han har vunne seks kongepokalar.
Thorkildsen var tidleg ekstraordinært god i spydkast og sette ei rekkje norske aldersrekordar frå 13 år og oppover. Han har også juniorrekordene for 19-åringar og 22-åringar, der U-19 rekorden var gjeldande verdsrekord for juniorar per 2009. Han avslutta karrieren sin som profesjonell spydkastar i mai 2016.
Bakgrunn Far til Andreas Thorkildsen, Tomm Thorkildsen, var sjølv ein habil spydkastar og har 71,64 meter frå 1974. Mora Bente (Amundsen) Thorkildsen er norsk meister på 100 meter hekk frå 1972, og har NM-sølv frå 1974 (for Hamar IL). Andreas Thorkildsen har ein eldre bror.
Idrettskarriere
1993-1999 Andreas Thorkildsen tok tidleg etter far sin, og har konkurrert i spyd sidan han var 11 år. Talentet var tydeleg, og med faren som trenar vart teknikken god. Andreas Thorkildsen sette den første av sine mange norske aldersrekordar i 1995, med 51,88 meter med eit 600 grams spydd (13-åringar). Etter dette slo han alle aldersrekordar i spyd med både 600 grams og 800 grams spyd, bortsett frå rekorden for 15-åringar. 17 år gammal i 1999 var han med i europamesterskapet for juniorar og vart nummer 7.
Thorkildsen sine norske aldersrekordar AlderResultatVektÅrAlderResultatVektÅr13 år51,88 m600 g199514 år53,82 m800 g199614 år62,98 m600 g199616 år61,57 m800 g199816 år79,50 m600 g199817 år72,11 m800 g199918 år77,48 m800 g2000
Spydet på 600 gram vart endra i 1999 og Thorkildsen sine rekordar med 600 grams-spydet er med den gamle modellen. Frå 2002 vart spydvekta 700 gram innført som nytt spyd frå gutar 16 år, og Thorkildsen si bestenotering med 600 gram for 16-åringar vil dermed ikkje utfordrast.
2000-2003 mini|Trenar Åsmund Martinsen Frå 2000 tok Åsmund Martinsen over delar av trenaransvaret saman med faren, og Thorkildsen kasta til sin første medalje i eit norsk meisterskap for seniorar. Han fekk sølv og tapte berre til Ronny Nilsen frå Norna Salhus. Same året vart han med på det norske europacuplaget og i oktober 2000 vann han sølv i junior-VM bak sørafrikanske Gerhardus Pienaar.
Etter vidaregåande skule i 2001, flytta Thorkildsen til Oslo og Åsmund Martinsen tok over heile trenaransvaret. Thorkildsen melde seg inn i klubben til Martinsen, SK Vidar. Martinsen er sjølv ein tidlegare spydkastar med personleg rekord på 68,12 meter og har bronse frå NM på Jessheim i 1994. I juni 2001 braut Thorkildsen 80-meterbarrieren med 83,87 meter og sette verdsrekord for junior på Fana Stadion. Denne rekorden stod fram til mars 2011, då Zigismunds Sirmais kasta 84,47. Han fekk sølv i junior-EM bak Aleksandr Ivanov. Det første møtet med eit internasjonalt seniormeisterskap gjekk dårlegare. Thorkildsen kasta 68,41 meter og vart sist i konkurransen. Han retta opp inntrykket ved å vinna det første norske seniormeisterskapet sitt med 79,98 meter på Marienlyst i Drammen. Til trass for eit svakt VM låg det an til at Thorkildsen ville kunna ta opp arven etter dei store norske spydkastarane Egil Danielsen, Terje Pedersen og Trine Hattestad.
I 2002 deltok han i sin første Europamesterskap. Med 78,36 meter mangla Thorkildsen 68 cm på å verta blant dei 12 som gjekk vidare frå kvalifiseringa. Han vart nummer 15. I NM i Sandnes dette året tapte Thorkildsen til boksaren og spydkastaren Pål Arne Fagernes, og fekk sitt andre NM-sølv. Ved slutten av året toppa han likevel statistikken som den beste spydkastaren i Noreg med sitt årsbeste kast på 83,43 meter.
I Paris-VM 2003 nådde Thorkildsen den første internasjonale finalen sin som seniorutøvar. Han kasta 79,44 meter i kvalifiseringa, men skuffa litt med 77,75 meter i finalen og ein 11.-plass totalt. Tidlegare på året hadde han sett ny personleg rekord i eit stemne i latviske Ventspils med 85,72 meter. I 2003 vart han norsk meister for andre gong med 76,04 meter i Fredrikstad
Juniorrekordar AlderResultatVektDatoÅrStadNotatJunior 1983,87 m800 g7. juni2001 Fana stadion, BergenJr. verdsrekord fram til mars 2011.Junior 2286,50 m800 g28. august2004 Athen, HellasKastet gav OL-gull
2004 - OL-gull Friidrettssesongen 2004 byrja med mykje merksemd for norsk spydkast. Ronny Nilsen opna sesongen i mai med eit OL-kvalifiserande kjempekast på 84,73 meter på eit stemne i Tønsberg. Thorkildsen klarte ikkje å nå toppen av statistikken i Noreg, men under Bergen Bislett Games kvalifiserte han seg til Sommar-OL i Athen med 84,12 meter, bak amerikanaren Breaux Greer, som vann med ny nordamerikansk rekord på 87,39 meter. Under DN Galan i Stockholm tok Thorkildsen sin første siger i ein IAAF Grand Prix-konkurranse, og fekk revansje på Breaux Greer med 83,46 meter mot 78,52 meter. I London tre dagar seinare, 30. juli, heva han sitt årsbeste kast til 84,45 meter ved Crystal Palace.
Thorkildsen låg eit stykke nede på verdsstatistikken og framleis bak Ronny Nilsen ved inngangen til spydkonkurransen i Athen-OL. Spydkonkurransen vart sett på som svært open, men nordmennene var ikkje rekna blant medaljefavorittane. Thorkildsen kasta 81,74 meter i kvalifiseringa, over kvalifiseringsgrensa på 81 meter, men i skuggen av Breaux Greer sitt kast på 87,25 m.
I finalerunden opna Thorkildsen med 84,82 meter og tredjeplass etter første runde. Latviaren Vadims Vasiļevskis kasta personleg rekord med 84,95 meter og leidde med den regjerande verdsmeisteren Sergej Makarov på andreplass. I andre runde var det Thorkildsen som kasta til personleg rekord (og norsk U-23 rekord) med 86,50 meter. I dei påfølgjande rundane klarte verken Vasiļevskis eller Makarov å påverka resultatlista, og enda med høvesvis sølv- og bronsemedaljar. Noko overraskande var Andreas Thorkildsen vorten olympisk meister i spyd, 48 år etter at Egil Danielsen vann gull i Melbourne i 1956. Verdsleiaren Aleksandr Ivanov vart nummer fem, medan den jamnaste kastaren i sesongen, Breaux Greers, var småskadd og fekk 12.-plassen, den siste i finalen. Thorkildsen skildra sigeren som «helt sinnssykt». Han vart tildelt Fearnleys olympiske ærespris for prestasjonen.
Sesongen gav òg Thorkildsen kongepokal og ein tredje NM-tittel i Florø. Han avslutta året som nummer to, etter Greer i IAAF World Athletics Final i Monaco. I desember vart det offentleggjort at Thorkildsen skulle tildelast norske sportsjournalistars statuett og tittelen «Årets idrettsnamn» for prestasjonane sine i 2004-sesongen. Den nye olympiske meisteren stod likevel bokført som den sjuande beste kastaren i verda med det 11. beste resultatet etter sesongen. Thorkildsen vart nummer ni i kåringa av European Athlete of the Year, Årets friidrettsutøvar i Europa, av European Athletics Association.european-athletics.org: Waterford Crystal European Athlete of the Year Trophy 2004, besøkt 29. mars 2011
2005 - VM-sølv mini|Thorkildsen i tilløpet under VM i Helsingfors i 2005 I 2005 hadde Andreas Thorkildsen ei ny rolle. Som olympisk meister steig forventingane til VM i Helsingfors. I juni slo han endeleg Pål Arne Fagernes sin norske rekord med 86,82 meter i «midtsommarleikane» i Kuortane. Den tøffaste konkurrenten hans, finnen Tero Pitkämäki, kasta årsbeste i verda med 91,53 ved det same stemnet. Thorkildsen flytta den norske rekorden sin til 87,66 meter under Bislett Games, medan Sergej Makarov då hadde 90,33 frå det russiske meisterskapet i Tula. Før VM var desse kastarane i topp tre på verdsrankinga, med Breaux Greer ein centimeter bak Thorkildsen.
Det var berre Pitkämäki, Makarov og Thorkildsen som klarte kvalifiseringsgrensa på 81 meter på Olympiastadion i Helsingfors. Finalerundane gjekk med regn og vind. Thorkildsen leidde med 86,18 meter etter tre rundar, men fekk til slutt sølv bak overraskingsmannen Andrus Värnik frå Estland, som toppa konkurransen med 87,17 meter i fjerde omgang.
Thorklidsen vann NM i Bergen med 83,63 meter, eit resultat som gav ny kongepokal. Han avslutta sesongen med sin tredje norske rekord i 2005. 89,60 meter i IAAF World Athletics Final i Monaco. Pitkämäki, som berre vart nummer fire på heimebane i VM, vann med 91,33 meter. Thorkildsen enda sesongen som den tredje beste kastaren i verda på rankinglistene bak Pitkämäki og Makarov. Han vart nummer ni i European Athletics Association si kåring av Årets friidrettsutøvar i Europa for andre år på rad. Han fekk plassen bak Pitkämäki, og delte niandeplassen med Andrus Värnik.european-athletics.org: Waterford Crystal European Athlete of the Year Trophy 2005, besøkt 29. mars 2011
2006 - EM-gull og over 90 meter Før 2006-sesongen returnerte Thorkildsen til moderklubben Kristiansand IF, men vart buande i Oslo. Z 12. mai braut han 90-meterlinja for første gong. Det var i Super Grand Prix i Doha i Qatar, og lengda på 90,13 meter var ny norsk rekord, og banerekord. Under Bislett Games den 2. juni sette han igjen norsk rekord, no på 91,59 meter. Han passerte samstundes milepålen på 300 fot. Med den nye rekorden sin var han verdsleiar inn mot EM i Göteborg, og rekna som favoritt. Tero Pitkämäki var ein outsider som hadde vunne IAAF Golden League i Paris. Spydfinalen i Göteborg vart dominert av Thorkildsen. Han tok leiinga i andre omgang, heldt denne, og auka sigermarginen i siste kast. Kastserien til europamesteren var imponerande: 1: 82,84 m, 2: 87,37 m, 3: 85,30 m, 4: 87,35 m, 5: 86,39 m, og til slutt 6: vinnarkastet på 88,78 meter.
I DN Galan i Stockholm, 25. juli 2006, sette Thorkildsen ny banerekord med 89,78 meter. For dette vart han premiert med ein diamant til ein verdi av om lag 75 000 kroner. Thorkildsen tok dette året sin 5. NM-tittel og fekk sin 3. kongepokal på friidretts-NM på Bislett. I samband med utdelinga av pokalane fekk tilhøvet hans til hekkeløparen Christina Vukicevic overraskande mykje merksemd. Thorkildsen og Vukicevic hadde begge uttrykt klart at dei ville skjerma privatlivet, men då begge vann kongepokal, var pressefotografane klare for blinkskot. Utøvarane nekta å stilla opp på bilete saman og Thorkildsen forlét stadion for å sleppa unna fotografane.
Thorkildsen avslutta sesongen sterkt, og vann sin første IAAF World Athletics Final i avskjedsstemnet til legenda Jan Zelezny, og dessutan Verdscupen i friidrett 2006 i Athen. Rekordkastet på 91,59 meter gav han topplassering på verdensrankinga for sesongen for første gong. Han vart nummer tre i European Athletics Association si kåring av Årets friidrettsutøvar i Europa, den beste plasseringa hans i kåringa til då.european-athletics.org: European Athlete of the Year 2006, besøkt 29. mars 2011
2007 - VM-sølv mini|Tero Pitkämäki etter sigeren under VM i 2007 i Osaka Thorkildsen brukte vinteren til alternativt arbeid då han vart henta av den svenske tidlegare fotballspelaren Martin Dahlin som modell for moteklede. Andre modellar som poserer for kolleksjonen til Dahlin var toppmodellen Marcus Schenkenberg og skodespelaren Andreas Wilson.
Måla for konkurransesesongen 2007 var Bislett Games, VM i Osaka, og å vera med i kampen om Golden League-gullbarrane verd 1 million dollar. Sesongen starta bra for Thorkildsen, men konkurrentane var minst like godt førebudde. Han nådde 81,10 meter i Dakar, 86,39 meter i Doha og tredjeplass med 87,79 meter i Bislett Games den 15. juni bak Tero Pitkämäki (88.78 m) og Breaux Greer (88.73 m). Thorkildsen vann DN Galan, 7. august i Stockholm med årsbeste på 89,49 meter, men ryggsmerter gjorde at han valde å stå over NM i Askim den påfølgjande helga for å stå førebudd til VM i Osaka.