Klaudios Ptolemaios (gresk Κλαύδιος Πτολεμαίος, latin Claudius Ptolemaeus; ca. 90-168) var ein egyptisk astronom av gresk avstamning, geograf og matematikar frå Alexandria. Han blir rekna som opphavsmannen til det geosentriske verdsbiletet, som var det rådande i Europa fram til 1600-talet.

I sitt store verk Almagest set han fram ein teori om at nattehimmelen utgjer ei perfekt halvkule med jorda i sentrum. Stjernene er festa til ulike sfærar som roterer omkring jorda. Planetane rører seg i sirkelforma baner omkring eit sentrum som i sin tur teiknar ein perfekt sirkel rundt jorda. Han utvikla kompliserte matematiske formlar for å forklare dei observerte planetrørslene sine avvik frå teorien. I følgje Ptolemaios var jorda i ro. Om ho ikkje var det, ville skyar og fuglar forsvinne.

Ptolemaios gjorde nye utrekningar av avstanden frå jorda til sola og månen. Almagest inneheld og ein stjernekatalog. Mange av dei kjente stjernebileta, som Orion og Løva, har fått namna sine av Ptolemaios.

Han skreiv eit omfattande verk om geografi - Geografike hyfegesis. Her innfører han meir presise kartprojeksjonar, men karta hans lir av at han opererte med feil mål på jorddiameteren.

Tetrabiblos er eit stort verk om astrologi, og han skreiv og om optikk og musikk. Hans Harmonika er ei av dei viktigaste kjeldene til antikkens musikkteori. Kanon basileion er ein kronologi frå Nabonassar til Antoninus Pius.

Verk mini|Quadripartitum, 1622 Megale syntaxis (ΗμεγάληΣύνταξις, 'Den store avhandlinga'), arabisk Almagest - ca. 140 Geografike hyfegesis Optik Analemma Harmonika Planisphaerium Tetrabiblos Kanon basileion Kanon neger

Kjelder Wikipedia på riksmål/bokmål den 04.01.2007

Bakgrunnsstoff

Engelsk omsetting av Tetrabiblos ved penelope.uchicago.edu Engelsk omsetting av Geographia ved penelope.uchicago.edu Ptolemy at SkyScript - The Life and Work of Ptolemy Alexander Jones, "Ptolemy and his Geography" Ptolemy biography http://wwwuser.gwdg.de/~fhasele/ptolemaeus/index.html http://www.fiks.de/rom/index.htm?rom10.htm

Kategori:Tenkjarar frå gresk antikk Kategori:Fødde i 90-åra Kategori:Døde i 160-åra Kategori:Filosofar på 100-talet Kategori:Matematikarar frå gresk antikk Kategori:Astronomar frå gresk antikk Kategori:Astrologar frå gresk antikk Kategori:Hellenistiske egyptarar Kategori:Egyptiske astronomar Kategori:Egyptiske matematikarar Kategori:Geografar frå gresk antikk