Fleetwood Mac er eit britisk-amerikansk rockeband som vart danna i juli 1967 i London. Bandet har selt meir enn 100 millionar plater verda over og er eit av dei bestseljande banda gjennom tidene. I 1998 vart utvalde medlemmar av Fleetwood Mac innlemma i Rock and Roll Hall of Fame og fekk ein Brit Award for Outstanding Contribution to Music.
Dei to mest suksessrike periodane for bandet var seint i 1960-åra under den britisk blues-bølgja, då dei var leia av gitaristen Peter Green og nådde toppen av den britiske singellista med «Albatross»; og frå 1975 til 1987, då dei var eit meir poporientert band med Christine McVie, Lindsey Buckingham og Stevie Nicks. Det andre albumet til Fleetwood Mac etter Buckingham og Nicks kom med i bandet, Rumours frå 1977, gav fire hitsinglar i USA (inkludert Nicks sin «Dreams»), og låg på toppen av den amerikanske albumlista i heile 31 veker, i tillegg til å nå toppen av salslistene i mange andre land. Albumet har i dag seld over 45 millionar eksemplar og er det sjette mestseljande albumet gjennom tidene.
Bandet hadde berre moderat suksess mellom 1971 og 1974, då besetninga bestod av Bob Welch, og i 1990-åra då Nicks og Buckingham først slutta i bandet og sidan kom tilbake.
Bandet har hatt mange endringar i besetninga, og berre trommeslagaren i bandet, Mick Fleetwood, har vore med heile vegen. Sjølv om grunnleggjaren av bandet, Green, gav bandet namn etter etternamna til dei to tidlegare bandkollegaene sine (Fleetwood og McVie) frå John Mayall's Bluesbreakers, spelte ikkje bassisten John McVie på den første singelen eller dei første konsertane deira, sidan han opphavleg valde å bli verande med Mayall. Klaverspelaren Christine McVie, som kom med i bandet i 1970 då ho var gift med John McVie, har vore med på alle albuma, utanom debutalbumet, anten som bandmedlem eller studiomusikar. Ho slutta i bandet i 1998, men kom attende i 2014.
Historie
Danning og dei første åra (1967–71) mini|Peter Green, 18. mars 1970 Fleetwood Mac vart danna i juli 1967 i London då Peter Green slutta i det britiske bluesbandet John Mayall & the Bluesbreakers. Green hadde erstatta gitaristen Eric Clapton i Bluesbreakers, og vart kritikarrost for arbeidet sitt på albumet A Hard Road. Etter han hadde vore ei stund i the Bluesbreakers, spurte Green om trommeslagaren Mick Fleetwood kunne erstatta Aynsley Dunbar. Green hadde vore i to band med Fleetwood—Peter B's Looners og sidan Shotgun Express (der ein ung Rod Stewart var vokalist). John Mayall gjekk med på dette og Fleetwood vart medlem av bandet.
The Bluesbreakers bestod no av Green, Fleetwood, John McVie og Mayall. Mayall gav Green gratis tid i studio som ei gåve, som Fleetwood, McVie og Green nytta til å spele inn fem songar. Den femte songen var ein instrumental som Green kalla opp etter rytmeseksjonen, «Fleetwood Mac».
Kort tid etter tok Green kontakt med Fleetwodd for å starte eit nytt band. Dei ønskte å ha med seg McVie på bassgitar, og kalla til og med bandet 'Fleetwood Mac' for å lokke han med. Men McVie ønskte den faste inntekta han hadde med Mayall, i staden for å ta sjansen på eit nytt band. I mellomtida slo Green og Fleetwood seg saman med slidegitaristen Jeremy Spencer og bassisten Bob Brunning, som var i bandet med avtale om at han måtte slutte om McVie gjekk med på å bli med i bandet. Green, Fleetwood, Spencer og Brunning debuterte den 13. august 1967 ved Windsor Jazz and Blues Festival. Seks veker etter denne konserten gjekk John McVie med på å bli med i bandet som fast bassist.
Det første albumet til Fleetwood Mac, Fleetwood Mac, var eit spartansk bluesalbum og vart gjeven ut på Blue Horizon i februar 1968. Albumet vart ein suksess i Storbritannia og nådde fjerdeplassen på albumlista, men det inneheld ingen singlar. Bandet gav kort tid etter ut to singlar, «Black Magic Woman» (seinare ein stor hit for Santana) og «Need Your Love So Bad».
Det andre albumet til bandet, Mr. Wonderful, kom ut i august 1968. Som det første var det eit blues-album, men denne gongen med nokre få endringar. Albumet vart spelt inn live i studio med mikrofonar på forsterkarane og PA-systemet, i staden for at lyden var plugga rett i miksepulten. Denne metoden gav eit ideelt miljø for å produsere denne typen musikk, og gav ein autentisk, eldre blueslyd. Dei nytta òg blåsarar og hadde med ein ven på klaverinstrument, Christine Perfect frå Chicken Shack før ho gifta seg med John McVie.
Kort tid etter utgjevinga av det andre albumet, tok Fleetwood Mac inn ein gitarist til, Danny Kirwan, som då berre var 18 år gammal. Han hadde tidlegare spelt i trioen Boilerhouse frå Sør-London i lag med Trevor Stevens på bass og Dave Terrey på trommer. Green og Fleetwood hadde sett Boilerhouse øve i ein kjellar og Green vart så imponert at han inviterte bandet med som oppvarmingsband for Fleetwood Mac. Green ønskte at Boilerhouse skulle verte eit profesjonelt band, men Stevens og Terrey var ikkje klar for dette på den tida, så Green sette inn ei annonse i Melody Maker der han søkte om ein ny rytmeseksjon for bandet. Det kom over 300 svar, men då Green og Fleetwood heldt prøvespelingar i Nag's Head i Battersea (der Mike Vernon sin Blue Horizon-klubb var), fann ikkje Green, som var vanskeleg å gjere til lags, nokon som kunne erstatta paret, så han inviterte i staden Kirwan med i Fleetwood Mac som den tredje gitaristen deira.Brunning, B (1998): Fleetwood Mac – The First 30 Years. London: Omnibus Press. p18
Green var frustrert over at Jeremy Spencer ikkje ønskte å bidra på songane til Green. Kirwan var ein moden og sjølvlært gitarist med ein særeigen vibrato og stil som la til ein ny dimensjon til det allereie komplette bandet. Med Kirwan gav bandet ut den første singelen deira som nådde toppen av singellistene i Europa, «Albatross». På denne tida gav dei ut det andre albumet sitt i Amerika, English Rose, som inneheldt halve Mr. Wonderful, nye songar frå Kirwan, og det tredje europeiske albumet kalla The Pious Bird of Good Omen, som var ei samling av singlar, B-sider og eit utval av songar bandet hadde gjort med Eddie Boyd.
Då bandet drog til USA i januar 1969 spelte dei inn mange songar i Chess Records Studio, som vart lagt ned kort tid etter, med somme blueslegender frå Chicago, som Willie Dixon, Buddy Guy og Otis Spann. Desse vart dei siste blues-innspelingane til Fleetwood Mac. I lag med ei stilendring endra bandet òg plateselskap. Fram til no hadde dei vore på Blue Horizon. Med Kirwan i bandet var dei musikalske mogelegheitene for mange til at dei kunne halde seg på eit selskap som berre gav ut blues. Bandet signerte kontrakt med Immediate Records og gav ut «Man of the World», som vart ein hit i Storbritannia og Europa. For B-sida fronta Spencer Fleetwood Mac som «Earl Vince and the Valiants» og spelte inn «Somebody's Gonna Get Their Head Kicked In Tonite», og synte ei meir rå rock 'n' roll-side av bandet. Immediate Records var i dårleg form og bandet leita etter ein ny platekontrakt. Sjølv om The Beatles ønskte bandet på Apple Records (Mick Fleetwood og George Harrison var svogerar), valde manageren til bandet, Clifford Davis å gå for Warner Bros. Records (via Reprise Records, eit selskap starta av Frank Sinatra), der dei skulle vere resten av karrieren.
Det første albumet til Fleetwood Mac for Reprise kom ut i september 1969 og heitte Then Play On. Det første trykket av den amerikanske utgåva av albumet var den same som den britiske utgåva, men vart så endra for å få med songen «Oh Well», som vart spelt på konsertane til bandet frå han vart gjeven ut og fram til 1997, og igjen frå 2009. Then Play On, som var det første rockealbumet til bandet, inneheldt berre songar av Kirwan og Green. Jeremy Spencer spelte samstundes inn eit soloalbum (akkompagnert av resten av bandet) som berre bestod av 50-tals rock and roll-songar.
I juli 1969 opna Fleetwood Mac for Ten Years After ved Schaefer Music Festival i Wollman Rink i New York City. Dei kom attende til festivalen i 1970.
Fleetwood Mac var særs populære i Europa på denne tida. Men helsa til Peter Green var skrantande. Han hadde teke LSD i München, som kan ha medverka til at han etter kvart byrja å utvikle schizofreni. Den tyske forfattaren og filmskaparen Rainer Langhans nemnde i sjølvbiografien sin at han og Uschi Obermaier møtte Peter Green i München, der dei inviterte han inn i sitt «High-Fish-Commune». Dei var eigentleg ikkje interesserte i Peter Green. Dei ønskte berre å kome i kontakt med Mick Taylor: Langhans og Obermaier ønskte å organisere ein «Bayersk Woodstock». Dei ønskte Jimi Hendrix og The Rolling Stones som høgdepunkt på ein friluftsfestival i Bayern. Dei trengde Green for å kome i kontakt med The Rolling Stones via Mick Taylor.
Den siste hitten til Green med Fleetwood Mac var «The Green Manalishi (With the Two-Prong Crown)» (først spelt inn ved Boston Tea Party i februar 1970 og seinare spelt inn av Judas Priest). Denne innspeligna vart gjeven ut samstundes som den mentale helsa til Green stadig vart verre, og han ønskte å gje alle pengane bandet hadde tent til veldedige føremål. Dei andre bandmedlemmane var ikkje samde, og Green valde å slutte i bandet. Den siste konserten hans med Fleetwood Mac var den 20. mai 1970. Under denne konserten gjekk bandet over tida dei hadde fått, og straumen vart slått av, sjølv om Mick Fleetwood heldt fram å spele på trommene. Somme av innspelingane ved Boston Tea Party (5-7. februar 1970) vart sidan gjevne ut i 1980-åra som Live in Boston, med ein meir komplett, remastra samling på tre plater av Snapper Music seint i 1990-åra.
Overgangsperioden (1970–74) Kirwan og Spencer fekk oppgåva med å fylle rommet etter Green på konsertane og studioopptaka deira. I september 1970 gav Fleetwood Mac ut Kiln House. Songane til Kirwan flytta bandet i retning mot rock. Samstundes fokuserte bidraga til Spencer på å gjenskape den countryaktige «Sun Sound» frå seint i 1950-åra. Christine Perfect, som hadde trekt seg attende frå musikkindustrien etter eit mislukka soloalbum, medverka på Kiln House med korvokal, og teikna plateomslaget. Sidan Fleetwood Mac utvikla seg i ei ny retning, vart Perfect invitert med i bandet. Dei gav òg ut ein singel på den tida, «Dragonfly» med B-sida «The Purple Dancer» i Storbritannia og somme europeiske land. Trass i god omtale i musikkpressa, selde singelen dårleg og B-sida har berre blitt gjeve ut ein gong sidan då, på tysk samleplate på Reprise.
Christine Perfect, som var gift med bassisten John McVie, var første gongen med bandet som Christine McVie ved Bristol University i mai 1969, samstundes som ho slutta i Chicken Shack. Ho hadde suksess med Etta James-klassikaren «I'd Rather Go Blind», og vart to gonger kåra til årets kvinnelege artist i England. Christine McVie spelte den førte konserten sin som offisielt medlem av bandet den 6. august 1970 i New Orleans. CBS Records, som no eigde Blue Horizon (utanom i USA og Canada), gav ut eit album med tidlegare ikkje utgjevne songar av den første utgåva av Fleetwood Mac kalla The Original Fleetwood Mac. Albumet var relativt suksessrikt og bandet heldt seg populært.
På ein turné i februar 1971 sa Jeremy Spencer at han berre skulle ut for å «kjøpe eit blad», men kom aldri att. Etter fleire dagar med omfattande leiting, fann dei ut at Spencer hadde blitt med ei religiøs gruppe kalla Children of God. Dei forplikta seg til å spele resten av konsertane på turneen, og overtydde Peter Green om å vere med på resten av turneen. Han tok med seg venen sin, Nigel Watson, som spelte congatrommer (25 år seinare danna dei Peter Green Splinter Group i lag). Green kom berre attende til Fleetwood Mac for ei lita stund, så bandet valde å leite etter ein ny gitarist.