«Speak to Me» er opningssporet på albumet The Dark Side of the Moon av den britiske rockegruppa Pink Floyd frå 1973. Sporet fungerer som ein slags ouverture, og Nick Mason står som «låtskrivar». Waters hevda derimot seinare at dette var ei «gåve» til Mason, noko han angra på etter han forlet bandet.http://music.yahoo.com/blogs/stop-the-presses/pink-floyd-dark-side-40-years-later-40-205227757.html - «It was an assembly that I did with existing music. You could say there’s no original material there, or you could say it’s an entirely original assembly.» - Mason; «Nick gets credited on “Speak To Me”, when, in fact, that was just us giving him some publishing» - Wright

Komposisjon Sporet er utan tekst eller melodi, men det inneheld ein del konversasjon her og der, i tillegg til eit kort klipp av Clare Torry sin vokal frå «The Great Gig in the Sky» og ein del lydeffektar. Sporet byggjer seg opp mot den første verkelege songen på albumet «Breathe», og dei heng i saman. På enkelte utgåver av albumet er begge songane i lag som første spor, og derfor vert dei ofte spelte i lag på radio.

Lydeffektar Hjarteslag — dette kan ein og høyre på slutte av albumet på songen «Eclipse» Tikkande klokker — viser til songen «Time» Manisk latter — viser til songen «Brain Damage» Kasseapparat — viser til songen «Money» Helikopterlyd — viser til songen «On the Run» Skrik — viser til songen «The Great Gig in the Sky»

Stemmer «I've been mad for fucking years, absolutely years. I've been over the edge for yonks, been working with bands so long. I think 'Crikey'.» «I've always been mad, I know I've been mad, like the most of us are. Very hard to explain why you're mad, even if you're not mad.»

Medverkande Nick Mason – perkusjon, lydbandeffektar; lydbandsløyfer Roger Waters – lydbandeffektar; lydbandsløyfer Richard Wright – baklengs piano

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Speak to Me» frå , den 29. juni 2019. oppgav desse kjeldene:

Kategori:Songar frå 1973 Kategori:Pink Floyd-songar Kategori:Eksperimentelle musikkomposisjonar Kategori:Rockeinstrumentalar Kategori:Songar skrivne av Nick Mason Kategori:Songar produserte av David Gilmour Kategori:Songar produserte av Roger Waters Kategori:Songar produserte av Richard Wright Kategori:Songar produserte av Nick Mason