Eukaryotar er éin- eller fleircella organismar kjenneteikna av indre membranar, eit celleskjelett og mange celleorganellar som ikkje finst i prokaryote celler.

Domenet har fått namnet sitt etter den tydelege cellekjernen inni cella gjennom samansettinga av gresk ευ, ‘god, ekte’ og κάρυον, ‘nøtt’ eller ‘kjerne’. Inni kjernen finn ein arvematerialet DNA ordna i kromosom. I prokaryotar ligg derimot arvematerialet spreidd rundt i cella. Eukaryotane kan formeira seg både kjønna, gjennom mitose, og seksuelt gjennom meiose og gametefusjon (fertilisering).

Eukaryotane er ei mangfaldig gruppe som for det meste inneheld mikroorganismar. Ulike former for fleircella organismar har utvikla seg uavhengig minst 25 gonger innan gruppa. Komplekse fleircella organismar, om ein ikkje tek med samansluttingar av amøbar til å danna slimsoppar, har utvikla seg innanfor seks eukaryotiske grupper: Dyr, soppar, brunalgar, raudalgar, grønalgar og landplantar. Eukaryotar er grupperte ut frå likskapar i genar, slik at medlemmar av gruppene ofte manglar synlege likskapar.

Systematikk mini|Avstamminga til ulike eukaryotar.

Innan tradisjonell systematikk er eukaryotar rekna som ei av tre hovudgrupper av levande organismar, der bakteriar og arkar utgjer dei to fyrste, medan den siste gruppa av eukaryotar er opphav til protistar, plantar, sopp og dyr. I tradisjonell, men omstridd systematikk er desse fem–seks gruppene ofte omtalt som «rike» av liv innanfor biologien. Dette gjev eukaryotane status som opphav for fire distinkte «rike» eller hovudgrupper i systematikken:Nature – Francesca D. Ciccarelli, Tobias Doerks, Christian von Mering, Christopher J. Creevey, Berend Snel,Peer Bork: «Toward Automatic Reconstruction of a Highly Resolved Tree of Life», Nature Nr 311, 2006.

Prokaryotar: Bakteriar (Bacteria, Eubacteria) Arkar (Archaea) Eukaryotar: Protistar (Protista) Plantar (Plantae) Soppar (Fungi) Fleircella dyr (Animalia, Metazoa)

Mangfald Eukaryotar varierer frå mikroskopiske eincella organismar, som picozoar med diameter under 3 mikrometer, til dyr som blåkval, som veg opptil 190 tonn og blir opptil 33,6 meter lang, eller plantar som kystsequoia, som blir opptil 120 meter høg. Mange eukaryoter er eincella. Den uformelle gruppa som blir kalla protistar omfattar mange av desse, men her finst også nokre fleircella former som kjempealgen Macrocystis på opptil 61 meter. Dei fleircella eukaryotane inkluderer dyr, planter og soppar, men også desse gruppene har mange eincella artar. Eukaryotiske celler er typisk mykje større enn dei til prokaryotar, med volum som kan vera rundt 10 000 gonger større. Eukaryotane representerer ei liten minoritet av talet på organismar i verda, men ettersom mange av dei er mykje større, er den kollektive globale biomassen deira mykje større (468 gigatonn) enn den til prokaryotane (77 gigatonn). Berre plantane står for over 81 % av den totale biomassen på jorda.

Av dei cirka 1,8 millionar artar av eukaryotar som er kjende i dag, er dei fleste fleircella (hovudsakleg dyr og plantar). Men dette er truleg på grunn av at dei fleircella gruppene er best undersøkt. Ein går ut frå at talet på artar som eksisterer, er minst det hundredobbelte av dei som er skildra så langt, og at eincella organismar kan vera i fleirtal blant desse. Det biologiske mangfaldet er altså ikkje mindre blant dei eincella artane, verken morfologisk, økologisk eller taksonomisk.

Eukaryote celler

Diameteren på ei eukaryotisk celle ligg stort sett mellom 10 og 100 μm, 2 til 100 gongar større enn ei typisk prokaryot-celle.

Kjenneteiknet til eukaryotar er at cellene deira har veldefinerte kjernar omslutta av membranar, til skilnad frå prokaryotar som ikkje har slike strukturar. Eukaryote celler inneheld fleire strukturar omslutta av membranar, kjende som organellar, og eit celleskjelett som legg fast forma til og organiseringa av cella. Kjernen lagrar DNA-et til cella, som er delt opp i linjeforma buntar kalla kromosom. Desse blir skilde til to matchande sett av ein mitotisk spindel under celledeling, i den distinkte eukaryotiske prosessen mitose.

Cellorganellar Dei viktigaste eukaryote celleorganellane er cellekjerna (nukleus), endoplasmatisk retikulum, golgiapparatet, celleskjelettet, mitokondrium, kloroplastar og flimmerhår (ciliar).

Av desse celleorganellane finst cellekjernar, endoplasmatisk retikulum, golgiapparat og cellekjelett hjå alle eukaryotar. Kloroplastar har med tryggleik ikkje vore til stades i siste felles stamart av eukaryotane. Korleis stoda er med mitokondrium og flimmerhår er framleis eit ope spørsmål. Det finst nokre få eukaryote organismegrupper som manglar ein eller begge av desse organellane (m.a. Tetramastigota og Microsporidea). Tidlegare tok ein at dette tydde på at dei respektive gruppa har overlevd frå ei tid då opphavlege eukaryotar framleis mangla desse organellane. No går ein derimot ut frå at desse gruppa blei sekundært forenkla, at dei altså stammar frå organismar som har hatt både mitokondrium og flimmerhår.

Membranar Eukaryotceller inneheld ei rekkje strukturar omslutta av membranar, som saman dannar endomembransystemet. Enkle kompartment kalla vesiklar og vakuolar kan danna seg ved å veksa ut frå andre membranar. Mange celler tek til seg føde og andre materiale gjennom ein prosess kalla endocytose, der den ytre membranen buktar seg inn og deretter klemmer seg av for å danna ein vesikkel. Nokre celleprodukt kan forlata cella i ein vesikkel gjennom eksocytose.

Cellekjerna er omslutta av ein dobbelmembran kjend som kjernemembran, med kjerneporer som gjer at materiale kan gå inn og ut. Ulike utvidingar av kjernemembranen dannar endoplasmatisk retikulum, som er involvert i proteintransport og mogning.

Cellevegg

Cellene til plantar, algar, soppar og dei fleste Chromalveolata, men ikkje dei til dyr, er omgjevne av ein cellevegg. Dette er eit lag utanfor cellemembranen som gjev cella ein støttande struktur, vern og ein mekanisme for filtrering. Celleveggen hindrar også overutviding av cella når ho får vatn inn i seg.

Dei viktigaste polysakkarida som dannar celleveggane til landplantar er cellulose, hemicellulose og pektin. Mikrofibril i cellulosen er bundne saman med hemicellulose og sit i ein pektin-matriks. Den vanlegaste typen hemicellulose i hovudcelleveggen er xyloglukan.

Cytoskjelett

mini|Mikroskopbilde av cytoskjelettet med farga strukturar. Aktinfilament er vist i raudt, mikrotubulusar i grønt. (Kjernen er blåe.)

Cytoskjelett gjev ein stivare struktur og festestader for motorstrukturar som gjer at cella kan røra seg, endra form eller transportera materiale. Motorstrukturane are mikrofilament av aktin og aktin-bindande protein. Desse omfattar α-aktinin, fimbrin og filamin. Motorprotein som dynein, kinesin og myosin gjer nettverket dynamisk.

Mange eukaryotar har lange, smale og rørlege cytoplasmiske utstikkarar, flagellar, eller fleire kortare strukturar kalla flimmerhår. Desse organellane kan vera knytte til rørsle, næringsinntak og kjensle. Dei av vanlegvis danna av tubulin, og er heilt ulike prokaryotiske flagellar. Dei får støtte frå eit knippe mikrotubulusar som kjem frå ein sentriol og er karakteristisk arrangerte som ni par rundt to enkle. Flagellar kan ha hår (mastigonema), som hjå mange stramenopilar. Dei indre delane deira er del av cytoplasmaen til cella.

Sentriolar finst ofte i celler, også i dei som ikkje har flagellar, med bartre og dekkfrøplantar har ingen av desse. Sentriolar dannar spindelen under kjernedeling.

Utvikling thumb|upright=1.5|I følgje teorien om symbiogenese blei eukaryotane danna gjennom ei sameining mellom ein ark og ein aerobisk bakterie, som gav dei aerobiske mitokondrium. Ei anna sameining la til kloroplastar, noko som danna grunnlag for grøne plantar.

Eukaryotane oppstod innanfor arke-rekkja Promethearchaeota. Om ein ser vekk frå mitokondrie-DNA (som kjem frå bakteriar og ikkje arkar) inneber dette berre to domene av organismar, bakteriar og arkar, med eukaryotane som ein del av arkane. Eukaryotane oppstod først i paleoproterozoikum, truleg som flagellate celler. Den herskande evolusjonære teorien er at dei blei danna gjennom ein symbiogenese mellom ein anaerobisk ark i Promethearchaeota og ein aerobisk bakterie i Pseudomonadota som danna mitokondrium. Ein andre episode av symbiogenese med ein cyanobakterie skapte plantane, som dermed fekk kloroplastar.

Siste felles opphav til eukaryotane, last eukaryotic common ancestor eller LECA, er det hypotetiske opphavet til alle nolevande eukaryotar. Dette var truleg ein biologisk populasjon, ikkje eit einskilt individ. Ein trur LECA var ein protist med ei kjerne, minst ein sentriol og flagellar, mitokondrium som kunne vera aerobisk, sex (meiose og fertilisering), ei kvilande cyste med ein cellevegg av kitin eller cellulose, og peroksisomar.

Ei endosymbiotisk sameining mellom ein rørleg anaerobisk ark og ein aerobisk alfa-proteo bakterie gav opphav til LECA og alle eukaryotar med mitokondrium. Ein andre, mykje seinare endosymbiose med ein cyanobakterie danna grunnlag for opphavet til plantar, med kloroplastar.

Stamtre for eukaryotar

Kjelder

Delar av denne artikkelen bygger på «Eukaryoter» frå , den 4. januar 2026. Delar av denne artikkelen bygger på «Eukaryote» frå , den 4. januar 2026.

Bakgrunnsstoff

Kategori:Biologiske domene Kategori:Cellebiologi Kategori:Organismar Kategori:Utvalde artiklar 2026