Fargespekteret er eit ord som skildrar alle synlege former for monokromatisk lys, det vil seie lys med éi bestemt bølgjelengde. Regnbogen inneheld alle fargane i fargespekteret. Grunnfargane høyrer til fargespekteret, men nokre fargar og nyansar består av fleire enn éi bølgjelengde og finst difor ikkje i fargespekteret (og dermed ikkje i regnbogen). Døme er fargar som kvit, rosa, brun og grå.
Bølgjelengder i fargespekteret
Bølgjelengdene er oppgjeve i nanometer og frekvensane er oppgjevne i terahertz. Overgangen mellom fargane er flytande, så tala er berre eit overslag. Farge Bølgjelengde Frekvens Raud ~ 625-740 nm ~ 480-405 THz Oransje ~ 590-625 nm ~ 510-480 THz Gul ~ 565-590 nm ~ 530-510 THz Grøn ~ 520-565 nm ~ 580-530 THz Turkis ~ 500-520 nm ~ 600-580 THz Blå ~ 450-500 nm ~ 670-600 THz Indigo ~ 430-450 nm ~ 700-670 THz Fiolett ~ 380-430 nm ~ 790-700 THz
Sjå òg Visuelt spektrum Regnboge
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Fargespekter» frå , den 9. januar 2007.
Bakgrunnsstoff
Kategori:Farger