Pianokonsert nr. 24 i C-moll, K. 491, er eit concertante-verk for piano, eller pianoforte og orkester av Wolfgang Amadeus Mozart. Mozart komponerte konserten vinteren 1785–1786 og gjorde han ferdig den 24. mars 1786. Premieren var den 7. april 1786 i Burgtheater i Wien.

Konserten består av tre satsar: Allegro i c-moll Larghetto i ess-dur Allegretto (variasjonar) i c-moll

Det er skriven for fløyte, 2 oboar, 2 klarinettar, 2 fagottar, 2 valthorn, 2 trompetar, pauke og strykarar. Av pianokonsertane til Mozart har denne det mest komplette partituret.Hutchings, A. A Companion to Mozart's Piano Concertos, Oxford University Press.

Konserten har lenge vorte rekna som eit av dei største verka til Mozart. Arthur Hutchings har skildra det som det mest «samla» av alle solokonsertane hans. Girdlestone hevda òg det var den største solokonserten. Ludwig van Beethoven fann stor inspirasjon for sin eigen musikk frå denne konserten. Richard Strauss spelte sin eigen kadens for konserten i 1885.p. 40, Kennedy, Michael (1999). Cambridge Richard Strauss: Man, Musikar, Enigma Cambridge University Press

Konserten vart først publisert i delar i 1800. Manuskriptet med konserten ligg i dag i Royal College of Music.

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Piano Concerto No. 24 (Mozart)» frå , den 12. juni 2011. oppgav desse kjeldene: Girdlestone, C. M. Mozart's Piano Concertos. Cassell, London. Hutchings, A. A Companion to Mozart's Piano Concertos, Oxford University Press. Mozart, W. A. Piano Concertos Nos. 23-27 in full score. Dover Publications, New York. Tovey, D. F. Essays in musical analysis, volume 3, Concertos. Oxford University Press.

Bakgrunnsstoff

Høyr konserten i BBC Discovering Music

24 Kategori:Musikk i 1786