mini|Frå Sossusvlei-ørkenen i Namibia. Som det sist koloniserte kontinentet har skogen i Afrika lenge vore eit viktig emne for europeiske og afrikanske politikarar. Skal ein hogga, bruka, eller ta vare på skogen må ein vite kor han er, kor mykje det er av han og eventuelt kvar han vert redusert. Skogen i Afrika har såleis like lenge vore eit emne for forskarar. Likevel visste ein lite og veit framleis etter måten lite om Afrikas skogar. Kontinentet vart seint kolonisert og «invadert» av europearane og har fram til i dag vore eit veldig spreidd folkesett kontinent. Frå Sameinte nasjonars organisasjon for mat og landbruk (FAO) si første skogundersøking i 1948 til den siste i 2001 har institusjonen basert seg for det meste på «ekspertestimat» og/eller upåliteleg nasjonal statistikk. Ein kan dermed frå tabell 1 og 2 (som langt ifrå er komplette) sjå at både kor mykje skog Afrika har, og avskogingstakt for Afrika har variert veldig mykje frå undersøking til undersøking.

Kva er avskoging, og kvifor er det eit problem?

+ Tabell 1: Skog i Afrika (millionar hektar) Studie År Afrika Tropisk Afrika Fuktig tropisk Afrika FAO 1948 1948 849 - - FAO 1981 1980 - 703 - FRA 1990 1980 583 569 - FAO 2004 1980 - 529 - FRA 1990 1990 545 530 174 FAO 1997 1990 539 523 - FRA 2000 1990 703 - 218 TREES-II 1990 - - 198 FAO 2004 1990 - 506 - IUCN 1992 - - 199 TREES-I 1992 - - 207 FAO 1997 1995 520 505 - TREES-II 1997 - - 193 TREES-II 2000 - - 191 FRA 2000 2000 650 622 - FAO 2004 2000 - 484 - Tabell 1: FRA 1990 frå FAO 1993. TREES-I, TREES-II, IUCN og FRA 1990 og 2000 verdiar for «fuktig tropisk Afrika» frå Achard med fleire 2002a og 2002b. FRA 2000 frå FAO 2001, unnateke verdien for «fuktig tropisk Afrika». FAO 1980 frå Grainger 1996.

Achard (2002) reknar berre med «lukka skog,» noko som fører til at hans tal for FRA 2000 for år 2000 er om lag 50 % av det FAO kallar «total forest cover.» Det er usikkert i kor stor grad «tropisk Afrika» omfattar dei same områda for FAO 1981, FRA 1990, FAO 1997 og FAO 2004, men i tilfelle forskjell er den truleg liten. Verdiane for TREES-II har feilmarginar som ikkje er tekne med. TREES-I og TREES-II varierer ved at austlege Afrika og Madagaskar ikkje var med i TREES-I.

Utheva tal er dei som er «aktuelle,» det vil seie dei som det frå kjelda si side blir framstilt som oppdaterte og gyldige. Tala er ordna etter år dei skal gjelde for og deretter utgjevingsår slik at ein skal kunne sjå korleis tala for same år har variert over tid. Ettersom tala frå FAO 2004 har vore delvis publisert tidlegare kan plasseringa av desse vera noko misvisande.

Før ein kan diskutere avskoging som eit problem er det viktig å vite kva det er ein snakkar om. Kva er skog? Kva er avskoging? Når er avskoging eit problem, og kvifor?

Definisjon Kva som blir definert som skog har heilt vesentleg betydning for kva statistikken seier om kor mykje skog det er og kor mykje skogsarealet blir redusert. Er til dømes ein frukttrehage, ein palmeplantasje eller ei savanne med eit tre her og der, skog? Kor tett må trea stå? Kor høge må dei vera?

Kor stor betydning slike detaljar i skogdefinisjonen kan ha å seie for sjølve statistikken kan ein sjå frå den store endringa i verdas skogsområde mellom FAO (1993) si undersøking «Forest Resource Assessment 1990» (FRA 1990) og «FRA 2000» (FAO 2001).1 I FRA 1990 vart skog definert ulikt i utvikla og utviklingsland (som alle Afrikanske land høyrer inn under). I utviklingsland skulle skogtoppane (kruna) dekka 10 %, medan i utvikla land 20 %2. I FRA 2000 vart skog derimot definert til 10 % trekrunedekke for alle land3. Verda gjekk dermed frå å ha 3442,4 millionar hektar (m ha) skog i 1990 (FAO 1993) til 3869,5 i 2000 (FAO 2001). Skulle ein samanlikna dei to statistikkane ville ein altså sjå at verda hadde fått 12,4 % meir skog mellom 1990 og 2000! Men FRA 2000 kom også med nye tal for 1990 som viste at skogane hadde minka med 2,4 % (FAO 2001). Dette illustrerer kor viktig det er å vera klar over kva definisjonar (og undersøkingar) som er referert før ein samanliknar ulike statistikkar. Ettersom Afrika heile tida har vore eit kontinent av utviklingsland skulle ikkje denne endringa ha innverknad på tala der, men ein kan sjå kor mykje dei likevel har variert i tabell 1.

Matthews (2001:2), som representerer «World Resources Institute» (WRI) framhevar at 10 %-grensa er «låg nok til at den tek med område som dei fleste ikkje-spesialistar ville oppfatte som tundra, trekledd grasslette eller savanne, eller krattskog—ikkje skog.» «Naturleg skog» blir ofte oppfatta som «urørt» eller «utilgjengeleg» skog, og det er den miljøvernorganisasjonane fokuserer på (til dømes WRI 2000a, 2000b og 2002). Denne blir av FAO (2001:Appendix 2) definert som «skogar av opphavlege tre, ikkje planta av menneske» (vår omsetjing). Men Fairhead & Leach (1995, 1998) har vist at store område skog i Vest-Afrika som har blitt sett på som avskoga førre hundreåret truleg ikkje har vore «opphavleg skogkledd». Det ein har trudd var attverande skogsøyer i eit område som før var fullstendig skogkledd, viser seg å vera skogsøyer under utvikling (på grunn av menneskeleg påverknad) i eit område som før var savanne. Slik har store skogsområde som ein i dag har sett på som «naturleg skog» eigentleg blitt menneskeskapt.

Med FAO sin hovuddefinisjon blir avskoging ein netto reduksjon i område dekte av skog over tid. Dersom ein brukar definisjonen for naturleg skog kan ein ikkje ta med tilvekst frå plantasjar, og dersom ein definerer skog som «urørt» skog kan ein vanskeleg ta med tilvekst i avskoga område i det heile; det blir då eigentleg snakk om brutto avskoging. Andre vil kanskje definera avskoging som «skogsdegradering», og «degradering» er ofte i den samanhengen ein reduksjon av biomasse og biodiversitet, eller som Grainger (1996:184) skriv det: «mellombels eller permanent reduksjon av tettleiken eller strukturen i vegetasjonsdekket eller artssamansetjinga åt vegetasjonen» (vår omsetjing).

Sjølv om det er så mange ulike definisjonar og ulikskapane kan vera store ser det ut til at FAO sin siste definisjon er den dominerande (til dømes DeFries 2002, og FAO 2004 tilpassar sine tal til denne definisjonen) og ettersom FAO også publiserer tal over plantasjeområde kan ein finna tal for «naturleg skog». I tillegg er det vanleg å bruka ein «closed forest»- eller «dense forest»-definisjon for regnskogområda (til dømes Archard 2002; WRI 2000a, 2002).

Avskoging som problem mini|240px|Savanneskog i Tarangire nasjonalpark i Tanzania. I Afrika er det mange land som har veldig lite skog (ifølge FAO 2001 er det 25 land som har under 15 % skog, Noreg har 28,9 %), enten fordi miljøet ikkje er eigna for skog, eller fordi skogen er fjerna. Når skog er ein knapp ressurs blir det problematisk å fjerna den, men sjølv når det er mykje av den kan det vera problematisk: Både der det er mykje og lite skog kan avskoging føra til erosjon. Røtene held på jorda og bind næring til den. Erosjonen fjernar næring frå jorda, og kan til dømes føra til flaum, truande deformering av land og forstopping av vatningsanlegg (Kull 2000). Men erosjon er ikkje berre negativt, sjølv om næringa blir flytta nedover kan den brukast. Slik har det seg at til dømes bønder i baiboho i nordvestlege Madagaskar er avhengige av avleiringane frå erosjonen i høglandet (Kull 2000:438), og jordbruket i Nildalen er avhengig av næringa som Nilelva fører med seg. Jordbruk fører til erosjon, men mange afrikanske bønder (døme i Kull 2000, Leach & Mearns 1996 og Fairhead & Leach 1995) har mykje kunnskap om korleis det kan avgrensast. Skiftjordbruket som oftast blir skulda for avskoging let også oftast skogen komma tilbake, om ikkje i same form som før. Reduserer biologisk mangfald/degradering: Det som truleg er det største problemet med avskoging for miljøorganisasjonane er avskoging av såkalla «naturleg skog», eller urskog. Regnskog er den mest kjende typen. Ettersom han berre er å finna i tropiske strøk, er det desse områda undersøkingar som brukar satellittbilete (til dømes Archard 2002, DeFries 2002 og FAO 2004) konsentrerer seg om. Dette understrekar den merksemda desse skogane har. På den andre sida er dei også veldig populære innan internasjonal tømmerindustri. Sjølv om skog skulle veksa tilbake etter avskoging av regnskog, vil den ikkje ha same biodiversitet og biomasse. Ein er difor redd for å mista tilgangen (for alltid) til plante/dyreartar som kan fremja forsking til dømes innan medisin. Reduksjonen i biomasse fører til auka frigjering av karbon som dermed fører til auka CO2 i atmosfæren og auka drivhuseffekt. Kor mykje regnskog det har vore og er att er difor veldig viktig for det store CO2-reknestykket4. Den andre sida av mynten er at Afrikanarane ikkje kan skuldast for å ha skapt drivhuseffekten, og skulle dei sjå til vesten ville dei ikkje finna mykje attverande urskog. Om regnskog blir til «forest fallow» har lite å seia for ein afrikansk bonde så lenge han kan arbeida jorda til livets opphald. Det som er degradering for den eine kan vera oppgradering for den andre. Fjernar livsgrunnlaget til folk: Sjølv om omgjering av skog til jordbruksland blir sett på som den viktigaste grunnen til avskoging (Archard 2002, FAO 2003), er også tømmerhogst ein viktig faktor. Skogen er for mange afrikanarar ein viktig del av livsgrunnlaget der dei hentar til dømes «gums and resins, honey and beeswax, medicinal and aromatic plants, dying and tanning materials, bamboo, and bushmeat» (FAO 2003a:20). FAO (2003g:62) nemner folk i tre kategoriar som er avhengige av skogen: «forest dwellers, including hunter-gatherers and swidden cultivators; farmers living adjacent to forests, including smallholders and the landless; and commercial users, including artisans, traders, small entrepreneurs and employees in forest industries». På landsbygda kan såleis skogen ha avgjerande betydning for hushaldsinntekta, og viltkjøtt er den viktigaste proteinkjelda for mange land og folk særleg i Vest- og Sentral-Afrika (FAO 2003a). Skog fungerer òg som viktig vern for jordbruket og mot ukontrollert brann (Fairhead & Leach 1998). I tillegg til desse hovudgrunnane er skog viktig for å ta vare på vasskjelder og halda dei reine (FAO 2001).

Årsaker til avskoging

Kva er så årsakene til avskoging i Afrika?

Jordbruk: Det som vanlegvis blir peika på som hovudårsak til avskoging både før og no er det som blir karakterisert som dårlege jordbruksteknikkar, slik som svibruk, skiftjordbruk og overbeiting. Dette blir nemnd som grunn i FAO sine rapportar, og Grainger (1996: 183) skriv at «large areas of savanna woodland undoubtedly result from prolonged human disturbance which continues to this day». Jordbruk er det Grainger legg vekt på som «human disturbance». I denne samanhengen ser det ut til at Grainger har det som av Fairhead & Leach (1998) blir kalla «the orthodox view», at jordbruk har gjort store område i særleg Vest-Afrika om til savanne. I sin studie i Kissidougou (Fairhead & Leach 1995) har dei derimot vist at prosessen har vore heilt omvendt. Bøndene har faktisk gjort savanne om til skog! Dette brukar dei også i sin studie av Vest-Afrika (Fairhead & Leach 1998). Der finn dei at store område i Elfenbeinskysten som i dag blir sett på som «naturleg skog» i ein «skogssone» trua av avskoging, truleg er omgjort frå skogsavanne til skog det siste hundreåret.

Kull (2000) viser i sin studie av Madagaskar at sjølv om jordbruk har vore med på å fjerna regnskogen aust på Madagaskar, kan ikkje denne årsaka overførast direkte til resten av øya. Store delar av høglandet som før var dekt med gras, har truleg aldri blitt avskoga, men kan i dag etter stor folkeauke visa til «imbricated crop fields, rice terraces, woodlots and fruit trees» (Kull 2000: 432).