David Bowie er det andre studioalbumet til den britiske musikaren David Bowie, utgjeve frå 1969. Det vart opphavleg gjeve ut i Storbritannia av Philips som David Bowie og av Mercury i USA som Man of Words/Man of Music. Det kom ut på nytt i 1972 på RCA som Space Oddity (tittelen på opningssporet, som kom ut som singel i juli 1969 og nådde femteplassen på UK Singles Chart då. Space Oddity var òg namnet som vart nytta på CD-utgåvene frå 1984, 1990 og 1999, men då albumet kom ut i 2009, vart den opphavlege tittelen nytta, som òg er namnet på debutalbumet hans.

Plata er ei blanding av folkrock, balladar og progrock, og NME-redaktørane Roy Carr og Charles Shaar Murray har sagt om det at «noko av det høyrde til 1967, noko av det til 1972, men i 1969 verka det særs upassande. I hovudsak kan ein sjå på albumet i dag som alt Bowie hadde vore og litt av det han skulle bli, alt er rota i saman og kjempar om kontroll...»Roy Carr & Charles Shaar Murray (1981). Bowie: An Illustrated Record: s.28–29

Albumet kom ut etter Bowie hadde gjennomført overgangen frå kabaret/avantgarde-inspirert musikk til ein hippie/vise-basert stil, slik at albumet vart eit stort vendepunkt frå debuten hans i 1967.

«Don't Sit Down» er ein unotert 40 sekundar jam som kjem etter slutten av den andre songen på albumet. Denne var oppført som eit sjølvstendig spor på CD-utgåve av albumet i 1990-åra, men på 2009-utgåva av albumet, var det igjen eit løynd spor.

Songar

Space Oddity

Tittelsporet vert rekna som ein av Bowie sin mest kjende songarNicholas Pegg (2000). Ibid: s.197, og er hovudsakleg akustisk med skumle tonar laga på ein Stylophone, eit slags elektrisk lommeorgel. Tittelen og emnet i songen var inspirert av Stanley Kubrick-filmen 2001: A Space Odyssey og introduserte karakteren Major Tom. Songen er datert attende så tidleg som februar 1969. Han vart skriven for marknadsføringsfilmen Love You till Tuesday. Videoen var meint å marknadsføre Bowie for eit nytt plateselskap etter at han vart droppa av Deram Records i april 1968. Han vart beden av manageren sin Kenneth Pitt om må spele inn noko nytt, og slik kom «Space Oddity» til. Enkelte har sett på songen som ein metafor for heroinbruk, der nedteljinga i introen samsvarar heroinet som går gjennom nåla.Nicholas Pegg (2000). Ibid: s.198 Hitten «Ashes to Ashes» frå 1980 erklærte at «We know Major Tom's a junkie» («me veit at Major Tom er narkoman»).

Unwashed and Somewhat Slightly Dazed «Unwashed and Somewhat Slightly Dazed» verka sterkt påverka av Bob DylanNicholas Pegg (2000). Ibid: s.227 med munnspel, skarp gitarlyd og snerrande vokal.

Seint i juli 1969, medan Bowie spelte på Maltese Song Festival på Malta, vart faren, Haywood «John» Jones, sjuk og døydde kort tid etter Bowie kom attende til Storbritannia. Jones hadde gjeve Bowie stabilitet i 1960-åra, både kjenslemessig og økonomisk, og dødsfallet hans skjedde samstundes med at Bowie var i ferd med å bryte samarbeide med den langvarige manageren sin, Ken Pitt, i tillegg til å kvitte seg med mange gamle vener. Bowie stod attende sint og tilbaketrekt og sa seinare til George Tremlett at «Unwashed and Somewhat Slightly Dazed» var eit forsøk på å fange den surrealistiske kjensla han hadde i vekene etter faren døydde. Bowie sa til ein intervjuar seint i 1969 at inspirasjonen til tittelen kom frå dei «rare blikka» han fekk på gata, og musikkjournalistar som Nicholas Pegg meiner at songen igjen handlar om brotet med Hermione Farthingale. Familien hennar var frå ein høgare samfunnsklasse enn Bowie, og ho likte visstnok ikkje pop-tendensane hans.

Songen byrjar langsamt, og flyttar seg frå å vere kompleks til å bli enkel. Han opnar med ein 12-strengs akustisk gitar, som går mellom akkordane Asus2 og D9. Den drøymande vokalen til Bowie og ei stundom klimpring frå ein elektrisk gitar indikerer at dette er enno ei vise, på liknande måte som «Letter to Hermione». Så kjem eit 20-taktar langt vers som destabiliserer songen fram til Bowie hentar fram ein Bo Diddley-rytme, med gitarriff og munnspel (spelt av Benny Marshall, frontmann i the Rats, der Bowie seinare henta fleire folk til Spiders from Mars). Bowie roper ut linjer som «I’ve got eyes in my backside» og «my head’s full of murders!». Etter den siste tekstlinja let Bowie musikarane jamme vidare i to minuttar, der munnspelet akkompagnerer riffa og Tim Renwick og Keith Christmas speler elektriske gitarsoloar. I uttoninga dukkar det til og med opp eit horn.

Songen vart spelt inn kring september 1969.

Don't Sit Down

«Don’t Sit Down» er ein liten, 40 sekundar lang jam med Bowie som syng tittelen eit par gonger før han bryt ut i latter. Dette var ein del av den medvitne uformaliteten på platealbum seint i 1960-åra, som til dømes Jimi Hendrix som hostar i starten av «Rainy Day, Dream Away», Bob Dylan som mumlar «Is [the tape] rolling, Bob?» på Nashville Skyline eller The Beatles sitt White Album, som er full av mumling, kremting, lydar frå kontrollrommet og anna. Songen var opphavleg med som eit løynd spor på songen før, men på somme CD-utgåver i 1990-åra var han eit eige spor. RCA sletta songen då dei gav ut Space Oddity i 1972, men tok han inn att på Rykodisc-utgåva i 1990.

Letter to Hermione «Letter to Hermione» var ein farvelballade til den tidlegare kjærasten til Bowie, Hermione Farthingale, som òg er tema i «An Occasional Dream»., ei neddempa vise, som kunne vore på debutalbumet David Bowie. Farthingale forlet Bowie til fordel for ein amerikansk dansar ho møtte i Bergen, og dette skal Bowie i følge biografiane hans ha teke særs tungt. Hermione Farthingale var ikkje det sanne namnet hennar (ingen veit eller vil avsløre det verkelege namnet). Bowie møtte ho gjennom Lindsay Kemp og dansa med ho i filmen The Pistol Shot. Dei to vart eit par sommaren 1968 og budde i lag i South Kensington, der dei danna ein visetrio. Då dei to filma Love You Till Tuesday tidleg i 1969, var det over, og den siste dagen til Bowie og Farthingale i lag var på scenen då dei mima til «Sell Me a Coat» og «Ching-a-Ling» føre kamera.

I følgje Chris O'Leary er ikkje dette berre ein trist kjærleikssong, men ein særs tristkjærleikssong.. Marc Spitz, ein annan Bowie-biograf, kalla songen «sørgjeleg og bokstavleg», Nicholas Pegg kalla han «smerteleg intim», og biografane reknar med at dette er den sanne Bowie som talar og at han her tok av maska si.

Songen byrjar med ein akustisk gitarintro, som vert spegla i avslutninga, med tre vers imellom. Det første verset handlar om kor einsam songaren kjenner seg, det andre verset omhandlar rykte om korleis Hermione har det, og det tredje spekulerer i hennar nye kjæraste og lukka hennar. I midten av kvart vers føreslår Bowie at Hermione saknar han («You cry a little in the dark» - «Du gret litt i mørkret») som vert svara av ei kort linje («well so do I» - «vel, det gjer eg òg»).

I demoversjonen av songen, kalla «I’m Not Quite», er kjensla av «røyndom» enno sterkare, med ein dårleg, skurrete lydkvalitet, ein dempa gitar og ei var og keitete røyst. Råheita i demoen vart reinska bort då Bowie spelte inn «Letter to Hermione» for albumet sitt fire månader seinare. Her syng han meir affektert, og vel ei forsiktig ulukkeleg og vemodig stemme.

Demoversjonen vart spelt inn kring midten av april 1969, truleg i leilegheita til Bowie i Foxgrove Road i Beckenham, medan studioversjonen vart spelt inn i august 1969.

An Occasional Dream Den andre «Hermione»-songen Bowie skreiv tidleg i 1969 var «An Occasional Dream», der hjartesorga og intimiteten i «Letter to Hermione» er byta ut med ei meir stoisk innstilling. Bowie vart sterkt inspirert av Jacques Brel og viseduoen hans Feathers spelte ofte Brel sin «Amsterdam», som Bowie seinare spelte inn. «An Occasional Dream» har eit forsøk på ei fransk kjensle der eit dødt kjærleiksforhold vert utforska, festa til eit kort og lagt i ein kasse. Songaren verkar like mykje å sørgje over at den vakre ungdomstida hans er over som at kjærasten forlet han.

Demoversjonen av songen vart spelt inn med John Hutchinson kring midten av april 1969. Hutchinson syng linjer ein takt etter Bowie, eller gjev korvokal, og stundom førstevokal. Studioversjonen har fløyteakkompagnement der Bowie stundom syng i eit særs lyst toneleie. Denne vart spelt inn juli-august 1969. Bowie spelte ein gong «An Occasional Dream» for BBC den 5. februar 1970, før han slutta å spele songen.

God Knows I'm Good «God Knows I'm Good» er ein song som omhdlar ei stakkar, gammal kvinne på ein moderne supermarknad. Ho stel ein boks med stuing, men vert stoppa før ho går ut i døra. Ho roper ut «Gud veit eg er god!» (tittelen på songen) og fell til bakken.

Keith Christmas, ein av gitaristane på albumet, har fortalt at Bowie skal ha grine ukontrollert då han lytta på opptaket av denne songen.

Songen vart spelt inn kring august-september 1969.

Cygnet Committee

«Cygnet Committee» har vorte kalla det første meisterverket til BowieNicholas Pegg (2000). Ibid: s.57 og er songen som kanskje mest peikar framover mot dei framtidige platene til Bowie. Hovudkarakteren i songen er ein som «bryt ned barrièrar for sine unge tilhengjarar, men finn ut at han berre gav dei ein mogelegheit til å avvise og øydeleggje han».Roy Carr & Charles Shaar Murray (1981). Ibid: s.29 Bowie sjølv skildra songen som noko ein hippie kunne ha laga, som var klar til å følgje kva for karismatisk leiar som helst.

Bowie var ikkje den einaste som kjende på eit mørke i hjartet av motkulturen. Pete Townshend hadde nettopp skrive ein rockeopera om falske messiaer, popkultisme og flokk-filosofi. For Bowie er «Cygnet Committee» inngangsporten til det han vart mest oppteken av i 1970-åra - overmenn, glam-fascisime, glam-vald, personlegdomskultar og forskjellige dystopiar. Somme av desse figurane er til stades i denne songen der dei skjer over strupar, drep barn og sviktar vener. Sjølv om Bowie endar songen med ei bøn om kjærleik og fridom, står ein att med linja «I want to live», det enklaste, mest audmjuke ynsket eit menneske kan ha.

Songen verkar å vere sett saman av tre-fire forskjellige songar. Minst ein av dei har ein føregangar: det andre og femte verset og starten av det tredje og sjette verset er nytta om att frå ein Bowie-song kalla «Lover to the Dawn», som han hadde spelt inn ein demoversjon av i lag med John Hutchinson tidlegare i 1969. To forholdsvis konsise, fire linjer lange vers, sungen med akustisk gitar, ei flytande basslinje og ein legato elektrisk gitar) vert etterfølgd av eit 13 linjer og 48 taktar langt vers, som byrjar det enkle 4/4-takts rockeakkompagnementet der teksten blir langt lausare og nesten fri form. Mønsteret gjentek seg og denne gongen tar det lange verset over og strekkjer seg i over fem minuttar til slutten av songen.

Songen er spelt inn kring august-september 1969.

Janine Då frilansjournalisten George Tremleg intervjua Bowie seint i 1969, snakka Bowie hjarteleg om alle songane på albumet, men nemnte ikkje «Janine» i det heile, noko som fekk Tremlett til å spekulere i om Bowie rekna songen som dårleg og angra på at han tok han med på albumet. Dette verkar derimot ikkje å vere tilfelle, sidan Bowie faktisk tenkte på å bruke «Janine» som ein oppfølgjarsingel til «Space Oddity», og spelte songen på somme BBC-innspelingar i 1970. Songen er ein av dei meir livlege songane, på eit elles seriøst og inneslutta album. Tony Visconti likte denne songen best av alle på dette albumet, og songen er kanskje den som mest liknar på songane Marc Bolan skreiv på denne tida, som «King of the Rumbling Spires». Visconti var òg produsent for Marc Bolan og bandet hans T. Rex.

Det er ein song som peikar framover mot tema Bowie kom attende til 1970-åra, i dette tilfellet personlegdomsbrot, med til dømes tekstlinja «But if you took an axe to me, you’d kill another man not me at all».