For den japanske guden Emma, sjå Yama
Emma er eit tysk kvinnenamn avleidd av namn som byrjar på Erm(en)- og Irm(en)-. Dette germanske ordet kan tyda noko slikt som 'stor', 'mektig', 'heil' eller 'altomfattande'. Namnet er òg kjend med skrivemåtane Ema, Hemma og Imma. Det har kortformer som Em, Emmi, Emmy, Emelka og Emja.
Namnet er særleg kjent frå den heilage Emma, ei tysk kvinne som levde på 1000-talet og Emma av Normandie, engelsk dronning og mor til Edvard Vedkjennaren. Det er òg tittelen og namnet på hovudpersonen i ein roman av Jane Austen som er blitt filmatisert fleire gonger.
Emma har namnedag den 23. januar i Noreg, 23. juli i Sverige og 19. april i Danmark.
Bruk Etter ein topp på 1 % av namneberarane rundt 1900 gjekk bruken av namnet i Noreg jamt ned mot 1940, og var omtrent ute av bruk den neste generasjonen. Frå og med 1985 opplevde namnet ein eksplosiv vekst, og blir i dag brukt av 3 % av alle namneberarar.
Emma var det namnet som blei gjeve til flest jenter i Noreg, Sverige og Canada både i 2003, 2004 og 2005. Det hadde ein liknande popularitet i ei rekke andre land:
+ Oversyn over kva plassering på namnebruksstatistikken «Emma» hadde i ulike land i 2000-åra. Land 2005 2004 2003 2002 2001 2000 Australia 10 10 Belgiahttp://statbel.fgov.be/figures/d22a_nl.asp 1 1 1 3 4 4 Canada 1 1 1 Danmarkhttp://www.dst.dk/Statistik/Navne/bestemt_aar.aspx 4 2 1 2 1 5 England og Wales 22 18 18 27 18 17 Frankrike 2 3 3 5 5 IrlandCentral Statistics Office of Ireland 1 1 4 New ZealandStatistics New Zealand. (n.d.). «Top 100 babies' names for girls and boys, 1999-2003.» 1 ? 1 4 3 7 Skottland 2 1 1 3 4 4 Sverige 1 1 1 2 2 USAwww.behindthename.com 22 2 4 13 17
Kjende namneberarar mini|Emma Goldman. Emma av Normandie (om lag 988–1052), dronning av England to gonger gjennom ekteskap Dronning Emma av Hawaii (1836-1885) Emma av Waldeck-Pyrmont (1858-1934), dronning av Nederlanda
Ema Pukšec (1834–1889), kroatisk operasongar Emma Goldman (1869–1940), litauisk-amerikansk anarkistisk teoretikar Emma Thompson (f. 1959), britisk skodespelar Emma Bunton (f. 1976), britisk songar, medlem av Spice Girls Emma Bejanyan (f. 1984), armensk songar og Eurovision-deltakar Emma Watson (f. 1990), britisk skodespelar, kjend i rolla som Hermine Grang i Harry Potter-filmane. Emma Tallulah Behn (f. 2008), dotter til Märtha Louise og Ari Behn
Oppdikta personar Emma, kona til figuren «Oluf» Emma Woodhouse, hovudpersonen i romanen Emma av Jane Austen Emma Bovary, hovudpersonen i romanen Madame Bovary av Gustave Flaubert
Sjå òg Irma Emilie
Bakgrunnsstoff
Kjelder Statistisk sentralbyrå sin graf for Emma bokklubben.no Spørjekassa om namn Tysk Wikipedia (versjon frå 28. jan. 2007
Noter
Kategori:Kvinnenamn Kategori:Førenamn av tysk opphav