mini|Bø gamle kyrkje mini|Lunde kyrkje mini|Heddal stavkyrkje mini|Lisleherad kyrkje mini|Nes kyrkje mini|Sauherad kyrkje mini|Rjukan kyrkje Aust-Telemark prosti (tidlegare Øvre Telemarken østfjeldske prosti) var eit tenestedistrikt i Agder og Telemark bispedømme i Den norske kyrkja. Prosten hadde sete i Bø i Telemark. Prostiet oppstod ved delinga av Øvre Telemarken prosti i Øvre Telemarken vestfjeldske prosti og Øvre Telemarken østfjeldske prosti i 1838. Frå 1. januar 2015 gjekk Aust-Telemark prosti inn i Øvre Telemark prosti.

I geografisk utstrekking svarte prostiet til kommunane Bø, Hjartdal, Nome, Notodden, Sauherad og Tinn.

Prostiet var inndelt i sokn. Soknet er grunneininga i Den norske kyrkja. Dei som arbeider i kyrkja er anten tilsette av soknet gjennom kyrkjeleg fellesråd, eller dei er tilsette i prostiet. Dei fleste prestane er tilsette i prostiet, og har tenesta si knytt til eit eller fleire sokn. Fram til 2004 var prestetenesta lokalt organisert i prestegjeld.

Sokn i Aust-Telemark prosti Notodden kommune Tidlegare Notodden prestegjeld Notodden sokn

Tidlegare Heddal prestegjeld Heddal sokn Gransherad sokn Lisleherad sokn

Tinn kommune Tidlegare Tinn prestegjeld Atrå sokn Hovin sokn Mæl sokn Austbygd sokn

Tidlegare Rjukan prestegjeld Rjukan sokn

Hjartdal kommune Tidlegare Hjartdal prestegjeld Hjartdal sokn Sauland sokn Tuddal sokn

Bø kommune Tidlegare Bø prestegjeld Bø sokn

Nome kommune Tidlegare Holla prestegjeld Holla sokn Helgen sokn

Tidlegare Lunde prestegjeld Lunde og Flåbygd sokn

Sauherad kommune Tidlegare Sauherad prestegjeld Sauherad og Nes sokn

Sjå òg Kyrkjer i Noreg etter kommune Kyrkjer i Noreg etter prosti

Kjelder

Bakgrunnsstoff Nettstaden til Den norske kyrkja

Kategori:Tidlegare prosti i Noreg Kategori:Telemark fylke