mini|Hønefoss kyrkje som brann i 2010 er prostesete i Ringerike prosti. Ringerike prosti er eit tenestedistrikt i Tunsberg bispedømme i Den norske kyrkja. Det femner kommunane Jevnaker, Hole og Ringerike. Frå 1. januar 2027 femner prostiet óg kommunane Krødsherad, Modum og Sigdal, når Eiker prosti leggjast ned.

Prosten har sete i Hønefoss. Hønefoss kyrkje er prostikyrkje. Den gamle kyrkja brann ned til grunnen 25. januar 2010, ny kyrkje opna i 2017.

Prostiet er inndelt i sokn. Soknet er grunneininga i Den norske kyrkja. Dei som arbeider i kyrkja er anten tilsette av soknet gjennom kyrkjeleg fellesråd, eller dei er tilsette i prostiet. Dei fleste prestane er tilsette i prostiet, og har tenesta si knytt til eitt eller fleire sokn. Fram til 2004 var prestetenesta lokalt organisert i prestegjeld.

Sokn i Ringerike prosti Hole med Hole sokn Jevnaker med Jevnaker sokn Krødsherad med Krødsherad sokn Modum med Modum sokn*Ringerike med Haug sokn Hval sokn Hønefoss sokn Lunder sokn Nes sokn Norderhov og Ask sokn Tyristrand sokn Ullerål sokn Veme sokn Viker sokn Sigdal med Eggedal sokn Sigdal sokn

Tidlegare prestegjeld og sokn i Ringerike prosti Hønefoss prestegjeld med Hønefoss sokn

Norderhov prestegjeld med Tyristrand sokn Norderhov og Ask sokn Lunder sokn Veme sokn

Haug prestegjeld med Haug sokn Ullerål sokn

Ådal prestegjeld med Viker sokn Hval sokn Nes sokn

Hole prestegjeld med Hole sokn

Sjå òg Kyrkjer i Noreg etter prosti Kyrkjer i Noreg etter kommune

Kjelder

Kategori:Tunsberg bispedømme Kategori:Prosti i Noreg Kategori:Buskerud fylke