mini|Bøler kyrkje Søndre Aker prosti er eit tenestedistrikt i Oslo bispedømme i Den norske kyrkja. Det femner bydelane Nordstrand, Søndre Nordstrand og Østensjø søraust i Oslo. Prosten har sete på Bøler.

Historie Prostiet vart oppretta i 1984, som Nordstrand prosti, og bestod av prestegjelda Nordstrand, Holmlia, Manglerud, Bøler, Bekkelaget og Lambertseter. Namnet vart endra til Søndre Aker prosti i 1986. Sokn Prostia er inndelte i sokn. Soknet er grunneininga i Den norske kyrkja. Dei som arbeider i kyrkja er anten tilsette av soknet gjennom Oslo kyrkjeleg fellesråd, eller dei er tilsette i prostiet. Dei fleste prestane er tilsette i prostiet, og har tenesta si knytt til eitt eller fleire sokn.

Sokn Kyrkje Kyrkjeleg fellesrådBekkelaget og Ormøy sokn Bekkelaget kyrkje Ormøy kyrkje Oslo Bøler sokn Bøler kyrkje Oslo Hauketo-Prinsdal sokn Hauketo-Prinsdal kyrkje Oslo Holmlia sokn Holmlia kyrkje Oslo Klemetsrud og Mortensrud sokn Klemetsrud kyrkje Mortensrud kyrkje Oslo Lambertseter sokn Lambertseter kyrkje Oslo Ljan sokn Ljan kyrkje Oslo Manglerud sokn Manglerud kyrkje Oslo Nordstrand sokn Nordstrand kyrkje Oslo Oppsal sokn Oppsal kyrkje Oslo Sjå òg Kyrkjer i Noreg etter kommune Kyrkjer i Noreg etter prosti Prosti i Den norske kyrkja

Referansar

Bakgrunnsstoff Prostiliste for Oslo bispedømme på nettstaden til Den norske kyrkja

Kategori:Oslo bispedømme Kategori:Prosti i Noreg Kategori:Skipingar i 1984 Kategori:1984 i Noreg