Michigansjøen (Lake Michigan) er ein innsjø i Nord-Amerika. Innsjøen er ein av dei fem store sjøane i Nord-Amerika. Sjøen grensar til delstatane Indiana, Illinois, Wisconsin og Michigan. Michigansjøen er den einaste av dei store sjøane som ikkje grensar til Canada. Ordet «Michigan» er eit ojibweord som tyder 'stort vatn'.

Sjøen har eit areal på 57 750 km² og er den største innsjøen i USA og den femte største i heile verda. Den er på det lengste 494 kilometer lang og og har ei breidde på 190 kilometer. Gjennomsnittsdjupna er 85 meter og største djupn er 282 meter. Den har en strandlinje på 2 633 kilometer og inneheld 4 918 km³ vann og ligg 176 meter over havet.

Dei store sjøane omfattar elles Øvresjøen, Huronsjøen, Eriesjøen og Ontariosjøen

Større byer ved Michigansjøen mini|venstre|Badegjestar ved stranda av Michigansjøen i Chicago i 1925. Chicago Hammond i Indiana East Chicago i Indiana Gary i Indiana Portage i Indiana Michigan City i Indiana Muskegon i Michigan Green Bay i Wisconsin Manitowoc i Wisconsin Sheboygan i Wisconsin Milwaukee i Wisconsin Racine i Wisconsin Waukegan i Illinois North Chicago i Illinois Highland Park i Illinois Evanston i Illinois

Kategori:Innsjøar i USA Kategori:Geografi i Michigan Kategori:Geografi i Illinois Kategori:Geografi i Wisconsin Kategori:Geografi i Indiana Kategori:Dei store sjøane