mini|Rastkogel, det tredje høgste fjellet i Tuxeralpane, er eit ynda mål for skirennarar

Tuxeralpane er ei lita fjellkjede i Alpane i Austerrike. Fjellkjeda er kalla opp etter Tuxerdalen, ein sidedal til Zillertal.

Fjellkjeda grensar til elva Inn i nord (med Karwendel på andre sida), den lågare Zillerdalen i aust (med Kitzbühleralpane på andre sida), Tuxerjochpasset og Tuxerdalen i sør (med Zillertalalpane på andre sida), og Wipptal i vest (med Stubaieralpane på andre sida).

Den høgaste toppen i Tuxeralpane er Lizumer Reckner med ei høgd på 2 886 m.

Viktigaste toppane Lizumer Reckner, 2 886 moh Rosenjoch, 2 796 moh Rastkogel, 2 762 moh Hirzer, 2 725 moh Glungezer, 2 677 moh Gilfert, 2 506 moh Kellerjoch, 2 344 moh Patscherkofel, 2 246 moh

Kjelder Denne artikkelen bygger på «Alpes de Tux» frå , den 11. juli 2014.

Kategori:Fjellkjeder i Alpane Kategori:Fjellkjeder i Austerrike