Elbasan (albansk Elbasan eller Elbasani) er ein by og ein kommune i Albania, og er administrasjonssenteret til regionen med same namn. Elbasan ligg sentralt i landet ved elva Shkumbin og er ein av dei største byane i Albania med om lag 115 000 innbyggjarar i kommunen (2023). Kommunen, som i nord grensar til regionen Tirana, har eit areal på 872 kvadratkilometer.
thumb|left|Gate i Elbasan
Historie Det var romarane som grunnla byen og bygde festningar her, men det var først på 1600-talet at byen utvikla seg frå ei festning (El Basan), bygd av den tyrkiske sultanen Mehmed II i 1466.
Fram til Den andre verdskrigen var Elbasan ein av dei finaste ottomanske byane i Albania, med ei blanding av bygningar frå Austen og mellomalderen , smale brusteinsgater og ein stor basar der ein framleis kunne høyre tyrkisk. Innanfor bymurane var det eit eige kristent område, i utkanten av byen eit vlacher-distrikt og fleire fine moskear og islamske bygningar. På denne tida var det om lag 15 000 innbyggjarar i byen.
Administrativ inndeling Kommunen vart oppretta gjennom ei admininistrasjonsreform i 2014, ved at den tidlegare bykommunen Elbasan vart slått saman med landkommunane Labinot-Fushë, Labinot-Mal, Gjinar, Shushicë, Gjergjan, Funarë, Shirgjan, Tregan, Gracen, Bradashesh, Zavalinë og Papër. Dei tidlegare kommunane inngår no som kommunaleiningar i den nye storkommunen. Kommunen har hovudsete i Elbasan.
Tidlegare administrativ inndeling Fram til år 2000 var den dåverande bykommunen Elbasan hovudstad i distriktet Elbasan. Den dåverande bykommunen omfatta berre sjølve byen Elbasan.
Folketal
Kommunaleining Folketal 2011 Folketal 2023 Bradashesh 10 700 9 375 Elbasan 78 703 66 834 Funarë 2 122 1 295 Gjergjan 5 126 3 634 Gjinar 3 478 2 133 Gracen 2 192 1 245 Labinot-Fushë 7 058 6 299 Labinot-Mal 5 291 3 666 Papër 6 348 4 439 Shirgjan 7 307 5 930 Shushicë 8 731 7 359 Tregan 3 036 2 067 Zavalinë 1 622 825 Kommunen Elbasan 141 714 115 101
Referansar
Bakgrunnsstoff Elbasan-distriktet, offisiell side på albansk Bilete elbasani.com Fotballaget i Elbasan
Kategori:Byar i Albania Kategori:Kommunar i Albania Kategori:Regionen Elbasan Kategori:Busetnader i regionen Elbasan Kategori:Kommunaleiningar i regionen Elbasan Kategori:Busetnader grunnlagde på 1400-talet