mini|300px|Mellomalderfestningen på Kaliakra mini|Plassering av Kaliakra Kaliakra (bulgarsk Калиакра; historiske namn: trakisk Tirizis, tyrkisk Celigra Burun, italiensk Capo Calacria, rumensk Caliacra)Фаровете по българския черноморски бряг Асадуров, Милан er eit langt og smalt nes i Søndre Dobruja i nordlege område av den bulgarske svartehavskysten, om lag 12 km aust for Kavarna og 60 km nordaust for Varna. Kysten er bratt med vertikale klipper som stig 70 meter over havet.Нос Калиакра (Cape Kaliakra)

Kaliakra er eit naturreservat der ein kan sjå delfinar, skarv og sel. Her ligg òg restane etter festningsmurar, hovudvassrøyr, bad og bustaden til despoten Dobrotitsa i det kortvarige fyrstedøme Karvuna. Vika Bolata med ei lita strand ligg like nord for neset.

Namn og historie left|thumb Namnet «Kaliakra» kjem frå Hellas i mellomalderen. Det er ein kombinasjon av καλός («vakker») og άκρα («nes» eller «festning») og vert vanlegvis omsett som «Vakkert nes»http://www.meteo-tour-bg.com/index.php?option=content&task=view&id=36&Itemid=68 наименования от българското черноморие - Трифонов, Трифон ISBN 954-8991-33-0

Kaliakra var åstad for Slaget ved Kaliakra 11. august 1791 under den russisk-tyrkiske krigen 1787-1792.

Det første moderne fyret på Kaliakra vart bygd i 1866 av Compagnie des Phares de l’Empire Ottomane. Det noverande fyrtårnet (eit ti meter høgt sylindrisk mursteinstårn med lanterne og galleri) vart reist i 1901 med ei brennplanhøgd på 68 meter og eit lysglimt kvart femte sekund. Det har òg ein radionavigasjonssendar og ein tåkelur.

Segner Den mest populære segna frå staden er den om 40 bulgarske jenter, som knytte håret sitt i ein annan og hoppa i Svartehavet for å unngå å bli teke til fange av ottomanarane. Ein obelisk er reist til ære for denne segna ved inngangen til neset, kalla Porten til dei 40 jomfruenehttp://www.bulgariancastles.com/kaliakra/kaliakra_bg.html Българските крепости — Калиакра

Ei anna segn fortel soga om St. Nikolas, sjømennene sin vernehelgen, som vart jaga av ottomanarane, medan Gud laga jorda under han lenger og lenger uti havet, slik at han kunne rømme, og på denne måten vart neset danna. Helgenen vart til slutt fanga, og i 1993 vart det bygd eit kapell som symbol på grava hans. Eit dervisj kloster skal òg ha vore her under den ottomanske tida, og dette skal visstnok ha bevart leivningane til den muslimske Bektashi-helgenen Sarı Saltık.

Ei tredje segn er om Lysimakos, etterfølgjaren etter Aleksander den store, som konfiskerte den kongelege skatten og rømde til Kaliakra. Her omkom han i ein kraftig storm i lag med resten av flåten sin.http://www.standartnews.com/archive/2006/03/06/history/index.htm Цар Лизимах криел съкровища в Калиакра - Димитров, Божидар

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Kaliakra» frå , den 27. februar 2007.

Kategori:Nes i Bulgaria