Eru (alvisk for 'Den eine'), som og er kalla Ilúvatar ('Himmelfaderen'), er den nemninga alvane i Tolkien si dikting gir Gud.
Eru er ein skapande gud, men grip sjeldan inn i forholda i Ëa. Det daglege styringa vert overleten Manwë og dei andre maktene. Han er mest synleg i Silmarillion, og grip inn ved desse høva:
Eru overvaka og signa dvergane då dei vart skapte, sjølv om dei ikkje var skapte av han sjølv. Eru tok omsyn til Yavannas bøn og gav Entane rom i Ëa. Det same gjorde han med ørnene. Eru lydde på bøna til Lúthien og endra lagnaden hennar slik at ho kunne døy som menneske. Eru greip inn då flåta frå Númenor gjekk til åtak på Aman i andre heimsæva. Han sytte for at verda vart omskapt og dei udøydelege landa tekne bort frå den fysiske verda.
I Ringdrotten vert Eru nemnd indirekte ein gong, og då i soga om Aragorn og Arwen, då Aragorn skal døy. Her vert dauden omtala som «gåva den eine gav menneska». Elles vert ikkje Eru nemnd på noko vis i den boka.
Tolkien, som var kristen, gjev små ymt om at den same Eru skal gripe inn seinare i verdssoga, gjennom inkarnasjonen og oppståinga.
Kategori:J.R.R. Tolkien