Bebresj viadukt er ei bjelkebru på motorovegen Hemus (eller A2) i Bulgaria. Ho ligg i Vitinja-passet i Balkanfjella, om lag 60 km aust for Sofia i ei høgd 1 050 meter over havet. Brua vart opna i 1985 og vart teikna av D. Dragoev, P. Mintsjev and Y. Todorov frå Moststroj AD.
Viadukten er 720 m lang og har 12 spenn, som kvar er 60 meter lange. Ho stig 120 meter over bakken på det høgaste, og vert rekna som den høgaste brua på Balkan og i Bulgaria. Brua er ein ynda stad for strikkhopping på grunn av den store høgda over bakken.
Kjelder Bebresj viadukt på Structurae
Denne artikkelen bygger på «Bebresh Viaduct» frå , den 11. mars 2007.
Kategori:Bruer i Bulgaria Kategori:Viaduktar Kategori:Bruer opna i 1985 Kategori:1985 i Bulgaria