Goli otok (som tyder «aude øy») er ei øy i Adriahavet utanfor Primorje-Gorski Kotar fylke i Kroatia. Øya er gold og ikkje folkesett, bortsett frå litt vegetasjon på sørsida av øya, der ein òg finn fleire viker.

Under den første verdskrigen sende Austerrike-Ungarn russiske fangar frå austfronten til Goli otok.

I 1949 vart heile øya offisielt omgjort til eit sikkert fengsel styrt av det sosialistiske Jugoslavia. Fram til 1956, gjennom Informbiro-perioden, vart øya brukt til å fengsle politiske fangar. Desse inkluderte kjende stalinistar, men òg andre frå kommunistpartiet eller til og med vanlege borgarar som vart tiltalt for å vise sympati med Sovjetunionen. mini|venstre|Fengselet på Goli otok Fangane måtte gjere tungt arbeid i eit steinbrot, uansett vêr. Om sommaren er det 35-40 °C i området, og om vinteren bles ofte den iskalde boravinden. Dei vart ofte utsette for vald og audmjuka.

Etter Josip Broz Tito sitt regime betra forholdet til Sovjetunionen vart fengselet eit provinsfengsel i Sosialistrepublikken Kroatia. Frå denne tida vart det brukt til å fengsle nasjonalistar, og seinare vanlege kriminelle.

Fengselet vart stengd i 1988, og sidan den gong er øya berre stundom vitja av turistar og sauegjetarar frå Rab.

Bakgrunnsstoff www.goli-otok.com Samanliknande kriminologi Europa-Jugoslavia

Kategori:Øyar i Kroatia Kategori:Fengsel i Austerrike-Ungarn Kategori:Fengsel i Jugoslavia Kategori:Fangeøyar