Šipan er ei øy i Adriahavet ved kysten av Kroatia og den største av Elafitiøyane, 17 km nordvest for Dubrovnik. Mellom øya og fastlandet ligg Kolocepskisundet. Administrativt høyrer Šipan til kommunen Dubrovnik i fylket Dubrovnik-Neretva. Øya har eit areal på 16,5 kvadratkilometer, ei lengd på 9,1 km og ei breidd opp til 2,6 km. Folketalet i 2021 var 476.

Det går to åsryggar av kalkstein langs øya, den høgaste er Veliji Vrh på 243 meter ligg i nordaust, medan den andre ligg i søraust. Desse to ligg rundt eit dolomittsøkk der det vert dyrka oliven, fiken, vindruer, johannesbrødtre, mandel, appelsiner og sitrusfrukter. Det er to hamner på øya, Suđurađ i aust og Šipanska Luka i vest.

Folketal Folketalet i busetnadene på øya ved dei siste folketeljingane var:

Folketal 2001 Folketal 2011 Folketal 2021 237 212 254 199 207 222 Øya Šipan 436 419 476

Kjelder Referansar

Sipan