Zagreb er hovudstaden og den største byen i Kroatia. Zagreb er det kulturelle, vitskaplege, økonomiske, politiske og administrative senteret i Kroatia, og husar mellom anna Parlamentet, presidenten og regjeringa i landet. Adminstrativt er Zagreb ein eigen kommune, Grad Zagreb («Byen Zagreb»), men er administrativt styrt på same nivå som fylka. I 2021 hadde kommunen Zagreb eit innbyggjartal på 767 131, medan sjølve byen hadde 663 592 innbyggjarar.

Zagreb ligg mellom sørsida av fjellet Medvednica og nordsida av elva Sava i ei høgd 120 meter over havet. Byen ligg plassert i den sørvestlege delen av Den pannoniske sletta, som strekkjer seg mellom Alpane, Dei dinariske Alpane og Adriahavet, og er derfor eit strategisk knytepunkt for trafikk mellom Sentral-Europa og Adriahavet.

Transportknutepunktet, industrien, og dei vitskaplege institusjonane gjer byen til det største økonomiske senteret i Kroatia.

Byen vart grunnlagd på 1000-talet, og er i dag eit eige fylke. Zagreb vart aldri ein del av Det osmanske riket, som mykje av nærliggande områda var. Derfor er ikkje gamle bygningar øydelagde, som i mange andre byar i det tidlegare Jugoslavia. Zagreb er ein fleirreligiøs by med romersk-katolsk erkebiskop, gresk-ortodoks erkebiskop, protestantisk biskop, ein storrabbin og ein muslimsk mufti.

Zagreb har ein internasjonal flyplass.

Attraksjonar Det finst mange sjåverdige stader i Zagreb, som til dømes Gornji Grad (sjå nedanfor), Zagreb katedral, Jelacictorget, Tomislavtorget, Strossmayerovtorget, Det kroatiske nasjonalteateret og Mimaramuseet.

Gornji Grad Gamlebyen i Zagreb heiter «Gornji Grad» (Øvrebyen) og inneheld mange gamle bygningar, som Sankt Marks kyrkje, parlamenta, Steinporten og Lotrščak-tårnet, der ein kvar dag klokka tolv avfyrer ein kanonsalutt.

Administrativ inndeling Zagreb ein eigen kommune, men er administrativt styrt på same nivå som fylka. Hovudstaden er så delt inn i ei rekkje distrikt (gradska četvrt, «bydistrikt») med visse lokalstyrte oppgåver, fastlagd i Statuttar for byen Zagreb av 1. april 2001.

Dei mest sentrale av dei 17 distrikta omfattar berre ein del av sjølve byområdet, medan nokre av dei omkringliggjande distrikta òg omfattar ein eller fleire forstader eller busetnader.

Namn Folketal 2001 Folketal 2011 Folketal 2021 Status  1 Donji grad 45 108 37 024 31 209 Bydel  2 Gornji Grad – Medveščak 36 384 30 962 26 423 Bydel  3 Trnje 45 267 42 282 40 539 Bydel  4 Maksimir 49 750 48 902 47 356 Bydel  5 Peščenica – Žitnjak 58 283 56 487 53 023 Bydel og forstad  6 Novi Zagreb – istok 65 301 59 055 55 898 Bydel og forstad  7 Novi Zagreb – zapad 48 981 58 103 63 917 Bydel og forstad  8 Trešnjevka – sjever 55 358 55 425 52 974 Bydel  9 Trešnjevka – jug 67 162 66 674 65 324 Bydel 10 Črnomerec 38 762 38 546 38 084 Bydel 11 Gornja Dubrava 61 388 61 841 58 255 Bydel 12 Donja Dubrava 35 944 36 363 33 537 Bydel 13 Stenjevec 41 257 51 390 53 862 Bydel 14 Podsused – Vrapče 42 360 45 759 44 910 Bydel 15 Podsljeme 17 744 19 165 18 974 Bydel 16 Sesvete 59 212 70 009 70 800 Forstad 17 Brezovica 10 884 12 030 12 046 Forstad Grad Zagreb 779 145 790 017 767 131

Dei største busetnadene i kommunen Zagreb er:

Distrikt Folketal 2001 Folketal 2011 Folketal 2021 Zagreb 691 724 688 163 663 592 Sesvete Sesvete 44 914 54 085 55 313 Lučko Novi Zagreb – zapad 2 841 3 010 2 987 Hrvatski Leskovac Novi Zagreb – zapad 2 453 2 687 2 659 Odra Novi Zagreb – zapad 1 487 1 866 2 630 Veliko Polje Novi Zagreb – istok 1 104 1 668 2 122 Kupinečki Kraljevec Brezovica 1 718 1 957 2 015 Novi Zagreb – zapad 1 171 1 728 1 844 Peščenica – Žitnjak 1 783 1 800 1 753 Brezovica 1 406 1 578 1 503 Sesvete 1 487 1 548 1 402 Brezovica 1 470 1 490 1 401 Brezovica 1 160 1 288 1 260 Novi Zagreb – zapad 1 156 1 202 1 232 Sesvete 176 1 203 1 165 Novi Zagreb – istok 141 1 055 1 074

Galleri

Kjelder

Bakgrunnsstoff

Kategori:Hovudstader i Europa

Kategori:Byar og tettstader i Zagreb by