For bygda med same namn i Hardanger, sjå Fresvik i Ullensvang

Fresvik er ei bygd i Vik kommune i Vestland og eit kyrkjesokn i Indre Sogn prosti. Bygda ligg på sørsida av Sognefjorden, ved ei bukt like vestom innlaupet til Aurlandsfjorden. Sørom Fresvik ligg Fresvikbreen. Største arbeidsplassen er kjøleisolasjonsprodusenten Fresvik produkt, men jordbruk er framleis ein viktig leveveg.

Historie Det er gjord funn i Fresvik frå jarnalderen, og gardsnamnet Hov tyder på at det har stått eit gudshov der i førkristen tid. Frå rundt år 1400 kom dei fleste av dei til då sjølveigande gardane inn under Fresvik gods. Godset bestod fram til midten av 1800-talet då det vart oppdeld og seld ut.NRK Sogn og Fjordane sitt fylkesleksikon: «Fresvik-godset»

Ingeborg Olsdotter Grønlien frå Grønlid på Fresvikåsen vart i 1845 avretta, som den nest siste i Sogn og Fjordane, ved halshogging. Ho hadde drepe faren sin.NRK Sogn og Fjordane sitt fylkesleksikon: «Farsmordet i Fresvik»

Andre kjende personar frå bygda er løparkongen Mensen Ernst og poeten Jon O. Bøtun.

Kommunesoge Fram til og med 1991 høyrde Fresvik til Leikanger kommune. Ved ei regulering av kommunegrensene vart Fresvik, saman med Feios, overført til Vik kommune 1. januar 1992.Dag Juvkam: «Historisk oversikt over endringer i kommune- og fylkesinndelingen» på nettstaden til Statistisk sentralbyrå. s. 56

Fresvik sokn Fresvik er eit kyrkjesokn i Sogn prosti. Soknet har ei kyrkje, Fresvik kyrkje frå 1881.Margrethe Henden Aaraas og Sigurd Vengen: «Fresvik kyrkje» på nettstaden til Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane Dagens kyrkje erstatta ei stavkyrkje frå 1100-talet. Fleire kunstverk frå gamlekyrkja er i museumssamlingar i Bergen og Oslo.NRK Sogn og Fjordane sitt fylkesleksikon: «Fresvik kyrkje»

Fresvik sokn høyrde til Leikanger prestegjeld i Indre Sogn prosti, men vart overført til Vik prestegjeld i Ytre Sogn prosti 1. august 1999.«Kirkebøker, Sogn og Fjordane» på nettstaden til Arkivverket

Samferdsle og utdanning Fresvik fekk vegutløysing i 1976. Då vart vegen mellom Feios og Fresvik opna.Kristin Ese: «Vegutløysing for Fresvik» på nettstaden til Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane

Bygda har kyrkje, barnehage og den fådelte Fresvik skule.Nettstaden til Vik kommune: «Fresvik skule» Ungdomsskulen vart vedteken nedlagt i 2009 som fylgje av pengemangelen Vik kommune kom i etter at dei tapte pengar i Terra-skandalen, og frå skuleåret 2010/2011 må ungdomsskuleelvane frå Fresvik difor bussast til Feios skule.

Kvar sommar frå 2005 har Fres festival vorte halden i Fresvik.

Aktivitetar

Fresvik er eit utgangspunkt for turar i friluft sommer som vinter, då bygda er omringa av fjell. Bygda ligg i umiddelbar nærleik til 5 toppar: Mulakamben (613 moh.), Middagshaugen (721 moh.), Nonhaugen (1459 moh.), Lauvhoggskallen (1224 moh.) og Hovsfjellet (1389 moh.). Dei fleste toppane kan ein også koma seg opp på om vinteren; Nonhaugen er kanskje den mest kjente med ski på beina. Andre kjente turar i Fresvik er blant anna Fresvikbreen (1642 moh.), Huldafossen (378), Huldabotn (873), Huldakyrkja (1379), Tundalen, Helgedalen, Holten (470), Bjørnstigen (1043), Kolåsen (800), Rjupeskard (1340), Lægdaskard (902), Jordalskard (1100), Skomakarnipa (920), Fysseholten (724) og Storesåta (955).

Rett aust for Fresvik ligg Nærøyfjorden, som står på UNESCO si verdsarvsliste.

I tillegg har bygda:

Kafé Badeplass Utleie av Kajakk Utleie av teltplass med tilhørende servicerom (dusj, toalett, vaskemaskin) Onsdagsturar Stisykling Skytebane Fotballbane (gress) Løpebane (grus) Sandvolleyballbane Ballbinge Bibliotek Treningsrom Spinning Trimmen Dametrim Korps 4H Grillhytte Utleige av skihytte i Skard Langrennsløype/lysløype Småbåthamn Gymsal

Fresvik kan også by på uorganiserte aktiviteter som:

Stisykling Toppturar sommar Toppturar vinter Padling kano/kajakk Friklatring Blåbær- og tyttebærplukking Paragliding

Referansar

Bakgrunnsstoff Nettsida til Fresvik. Nettsida til Fresvik Sogelag Om Fresvik på nettstaden til Vik kommune Om Fresvik sokn på nettstaden til Den norske kyrkja Eldre fotografi frå Fresvik på nettstaden til Nasjonalbiblioteket

Kategori:Bygder i Vestland Kategori:Vik kommune Kategori:Sokn i Indre Sogn prosti